Røst kyrkje ligg på Røst i Nordland. Kyrkja er ei langkyrkje i tømmer med 270 plassar. Ho vart vigsla 26. september 1900 sist ombygd i 1971.
Dagens avløyste ei eldre steinkyrkje som var blitt for lita. Den kyrkja vart vigsla treeiningssøndag 5. mai 1839. Ei endå eldre kyrkje blåste ned under ein orkan i januar 1835. Tårnet frå denne kyrkja står enno på kyrkjegarden på Røst. Til saman kan det ha stått fem forskjellige kyrkjer på Røst.
Altarskapet i Røst kyrkje gav prinsesse Elisabeth av Habsburg som ei votivgåve rundt 1520. Ho var tretten år gammal då ho reiste sjøvegen til Danmark for å bli Christian II si dronning. På reisa kom ho ut for ein storm. I takksemd for at ho overlevde, gav ho altarskap til fem kyrkjer på kysten av Noreg.
Kjelder
Røst kyrkje frå Kyrkjesøk Eldre fotografi av Røst kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Bakgrunnsstoff Røst kyrkje frå Kyrkjesøk Eldre fotografi av Røst kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kategori:Kyrkjer i Røst Kategori:Byggverk i Røst Kategori:Kultur i Røst Kategori:Kulturminne i Røst Kategori:Kyrkjer i Bodø Domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1900 Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme