Stamsund kyrkje ligg i Stamsund i Vestvågøy kommune i Nordland. Kyrkja er ei langkyrkje i betong. Ho vart innvigd i 1937 og skal vere bygd med 540 plassar.

Eit kapell på Steine var bygd i 1853, men blåste ned under ein storm den 28. januar 1905. Under diskusjonen om oppbygging av kapellet vart det dragkamp om stadvalet. Etter meir enn 30 år vart Stamsund kyrkje bygd som erstatning for Steine kapell. Kyrkja vart bygd som naudsarbeid.

Andre kyrkjer i Vestvågøy Borge kyrkje Buksnes kyrkje Hol kyrkje Knutstad kapell Valberg kyrkje

Bakgrunnsstoff Den norske kyrkja i Vestvågøy Den norske kyrkja i Vestvågøy - om Stamsund kyrkje Om Stamsund kyrkje på nettstaden til Vestvågøy kommune

Kategori:Kyrkjer i Vestvågøy Kategori:Stamsund Kategori:Kyrkjer i Lofoten prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1937 Kategori:Kulturminne i Vestvågøy Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme