Talisman Energy er eit tidlegare kanadisk olje- og gasselskap med føremål å drive oppstraums petroleumsverksemd globalt. Selskapet vart skipa i 1992 etter ein fisjon av selskapet BP då «BP Canada» vart gjort om til det sjølvstendige selskapet Talisman Energy. Talisman hadde hovudkontor i Calgary, Alberta. I 2007 hadde dei verksemd i meir enn ti land i fire verdsdelar.

Historie I byrjinga selde Talisman gruveverksemd som gjekk med tap for å fokusere på større naturgassfelt i Britisk Columbia. Dei starta òg tidleg ein internasjonal ekspensjon mellom anna ved å gå inn i marknader som andre selskap heldt seg borte frå. I 1992 etablerte dei dotterselskapet Fortuna Petroleum Inc., eit av dei første nordamerikanske selskapa som gjorde forretningsverksemd på Cuba etter revolusjonen der.

Den vidare internasjonale ekspensjonen kom etter ei rekkje kjøp. I 1993 dobla dei storleiken og vart eit av dei største oljeselskap i Canada ved kjøp av selskapet Encor. Året etter fekk Talisman eigedelar i ressursar i Nordsjøen og i Søraust-Asia etter kjøpet av Bow Valley Energy frå British Gas PLC. Tidleg i 1995 forlèt dei Cuba for å fokusere meir på dei nye områda i Nordsjøen og Indonesia og i 1997 kjøpte dei det mindre selskapet Pembina Resources.

I Sudan I 1998 kom ein av dei meir kontroversielle overtakingar då dei kjøpte selskapet Arakis Energy, ein av dei største deltakarane i oljeindustrien i Sudan. Dette skjedde då den andre sudanske borgarkrigen var under utvikling og regjeringa i Sudan var totalt bunden av oljeinntekter til krigsinnsats. Regjeringa vart gjentatte gongar skulda for krigsbrotsverk, brot på menneskerettar og folkemord, og internasjonale observatørar skulda regjeringa for å tvangsflytte folkesetnaden for å gje plass til leiting og utvinning av olje.

Ein høglydd protest frå ikkje-statlege organisasjonar og frå kyrkjesamfunn tvinga dei kanadiske styresmakta til å straffe Talisman for verksemda i Sudan. Den presbyterianske kyrkja i Sudan stemna Talisman for ein domstol i USA med skulding for folkemord, der dei påstod at Talisman hadde hjelpt sudanske styresmakter til å bombe kyrkjer, drepe kyrkjeleiarar og å åtake landsbyar for å gje fri veg for oljeutvinning. I ei avgjersle utan sidestykke i USA-amerikansk kom ein dommar fram til at saka var gyldig. I september 2006 vart saka avvist av ein høgare domstol med grunngjeving av at saksøkjaren ikkje førte prov for skuldinga mot Talisman. I mellomtida hadde store investorar seld seg ut frå Talisman slik at aksjekursen fall. I 2003 selde Talisman interessene sine i Sudan til det indiske selskapet ONGC Videsh og Talisman trekte seg ut frå Sudan.

Landaktivitetar i Sør-Amerika I nordvestlege Loreto-regionen i Peru har Talisman eigedelar av leiteblokk 64 i våtlandsområde i Marañonbassenget som achuarfolket gjer krav på. Dei har og operatørskap i blokk 101 like ved. I 2007 går det føre seg seismiske undersøkingar i Marañonbassenget. I Colombia har Talisman interesser i Acevedo-blokka i Øvre Magdalena-dalen, i El Caucho-blokka, og i tre blokker i Llanos, Niscota, Tangara og Mundo Nuevo blokkene. Også i Colombia gjer Talisman seismiske undersøkingar i 2007.

Verksemd i Noreg I Noreg er Talisman representert med dotterselskapet Talisman Energy Noreg AS, registrert i mai 2003. Også i Noreg har veksten komme gjennom kjøp av konkurrentar. Dei kjøpte først 61 % av Gyda-feltet frå BP og har operatørskapen på feltet. I 2005 kjøpte Talisman det britiske oljeselskapet Paladin Resources Plc for meir enn 13 milliardar kroner og fekk gjennom det utvida tilgangen på ressursar både i britisk og norsk del av Nordsjøen. I mai 2007 er Talisman medeigar i åtte felt på den norske kontinentalsokkelen, mellom anna Yme-feltet som dei ønskjer å opne for produksjon etter at det var stengt ned i 2001.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Talisman Energy» frå , den 1. mai 2007. oppgav desse kjeldene: Amnesty International - Sudan: Talisman Energy must do more to protect human rights CBS News - Black Gold For Blood Money In Sudan CBC News - Talisman Oil Operations Prolong Sudan Civil War Carlisle, Tamsin. «Calgary Oil Firm Talisman Pays Painful Price for Sudan Investment.» The Wall Street Journal. 17. august 2000. BBC News - Talisman pulls out of Sudan CBC News - Human rights groups applaud Talisman move out of Sudan Neumeister, Larry. «Judge Lets Talisman Genocide Case Proceed Despite Warnings from Canada, U.S..» Associated Press. 7. desember 2005.

Kjelde til stoffet om verksemd i Sør-Amerika er Talisman sin nettstad. Avsnittet om Noreg har kjeldene: Oljedirektoratet Nettavisa Offshore.no

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

kategori:Oljeselskap Kategori:Skipingar i 1992 Kategori:Tidlegare kanadiske føretak