La Seyne-sur-Mer eller La Seyne er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han ligg i departementet Var, og er ein industriell forstad til Toulon, sørvest for hamna. Byen har eit folketal på like over 60 000 innbyggjarar.
mini|venstre|Fort Balaguier i La Seyne-sur-Mer
Den største næringsvegen i byen er skipsbygging og Société des Forges et Chantiers de la Mediterranée har eit av dei flottaste skipsverfta i Europa her, som gjev arbeid til om lag 3 000 arbeidarar.
Bakgrunnsstoff
LaSeyne.Info Offisiell turistside
Kategori:Var Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Provence-Alpes-Côte d'Azur