Charolles er ein liten by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Saône-et-Loire i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 3 000 innbyggjarar.
Charolles ligg der elvane Semence og Arconce renn i hop, 60 km nordvest for Mâcon.
Historie Charolles var hovudstad i Charolais, ein gamal inndeling av Frankrike, som frå 1300-talet vart eit grevskap. I 1327 gjekk grevskapet via giftarmål til Hertugen av Armagnac, og i 1390 vart det seld til Filip av Burgund. Etter Karl den modige, som i sin ungdom hadde tittelen hertug av Charolais, vart han teken av Louis XI av Frankrike, men i 1493 vart han avstått av Karl VIII til Maximilian I av Austerrike, som representerte Burgundfamilien. Etter kvart gjekk byen vidare til dei spanske kongane, og lenge var det strid om byen mellom Frankrike og Spania, før han i 1684 vart overlatt til Louis II de Bourbon, ein kreditor for den spanske kongen. Byen kom til slutt inn under den franske krona i 1771.
Bakgrunnsstoff
charolles.info
Kategori:Saône-et-Loire Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Bourgogne-Franche-Comté