Meurthe-et-Moselle er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Lorraine, og er kalla opp etter elvane Meurthe og Moselle.
Historie Meurthe-et-Moselle vart oppretta i 1871 ved slutten av Den fransk-prøyssiske krigen frå områda til departementa Moselle og Meurthe. Den noverande grensa mellom Meurthe-et-Moselle og Moselle vart grensa mellom Frankrike og Tyskland frå 1871 til 1919.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Lorraine og grensar til departementa Meuse, Vosges, Bas-Rhin og Moselle, i tillegg til Luxembourg og Belgia.
Det strekkjer seg 130 km frå nord til sør og er mellom 7 og 103 km breitt frå vest til aust.
Dei viktigaste elvane i departementet er: Moselle Meurthe Chiers Vezouze
Økonomi Fram til 1960-åra var økonomien i stor grad basert på gruvedrift. Her vert det vunne ut jern, salt og kalk.
Storbyområdet rundt Nancy har ein svært dynamisk økonomi som stort sett er basert på tenester, forsking og høgare utdanning.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Meurthe-et-Mosellans.
Området rundt Nancy er svært urbanisert, medan Santois i sør er forholdsvis landleg.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside Offisiell turistside
Kategori:Franske departement