Großer Wannsee er ein innsjø i bydelen Steglitz-Zehlendorf i den vestlege delen av Berlin, og er forbunde med elva Havel. Sør for Großer Wannsee ligg Kleiner Wannsee, den første sjøen i Griebnitzkanalen.

Havel, Großer Wannsee, Griebnitzkanalen, Griebnitzsee og Glienicker Laake omsluttar det øyforma distriktet Berlin-Wannsee, som ligg vest for Großer Wannsee.

I den nordaustlege delen av Großer Wannsee ligg øya Schwanenwerder. Øya Pfaueninsel ligg i Havel rett ved utløpet til Wannsee i nordvestleg retning, og har båtsamband med fastlandet.

Strandbad Wannsee er eit freda friluftsområde, som var eit av dei mest populære utfartsstadane for innbyggjarane i Vest-Berlin før muren fall. Under den kalde krigen spelte Wannsee ei spesielt stor rolle som rekreasjonsområde for den innemura folkesetnaden i Vest-Berlin.

Kjelde Denne artikkelen bygger på «Großer Wannsee» frå , og «Großer Wannsee» frå den 3. juni 2007.

Kategori:Innsjøar i Tyskland