Jochberg er eit fjell i Bayerische Voralpen, den første fjellkjeda i Alpane ein møter når ein reiser sørover i Tyskland. Fjellet ligg mellom dei to store innsjøane Kochelsee og Walchensee. På grunn av det flotte utsynet frå toppen av fjellet er Jochberg eit populært mål for både turistar og innbyggjar i München, som ligg i nærleiken, og turen opp til toppen er lett nok til at ein kan ta med heile familien. Paragliding er òg ein populær aktivitet frå fjellet.

På klåre dagar kan ein sjå Olympiaturm i München, trass i at det står 60 km mot nord. Det kan stundom vere noko smog i området, som kjem frå kjøletårnet til dei nærliggande atomkraftverka Isar II og Atomkraftwerk Gundremmingen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jochberg (mountain)» frå , den 5. juni 2007.

Bakgrunnsstoff Skildring av fjellturar på Jochberg

Kategori:Fjell i Tyskland Kategori:Bayern