Soeste er ei elv i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Leda. Ho har sitt utspring der to småelvar renn saman i Hesselnfeld og Egterholz, to små busetnadar i kommunen Emstek. Ho renn nordvestover gjennom Cloppenburg der ho har nok vatn til at det kan nyttast til vasskverner. Soeste renn ut i ein dam ved Thülsfelde, som vart bygd i 1920-åra. Frå her renn ho gjennom byane Friesoythe og Barßel, der ho munnar ut i Leda, som renn vidare til Ems.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Soeste» frå , den 12. juni 2007.
Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Niedersachsen