Tittelforsvarar 2014 Utfordrar 2014
Magnus Carlsen Viswanathan Anand Vinnar av verdsmeisterskapen i sjakk 2014 f. 30. november 1990 23 år f. 11. desember 1969 44 år Vinnar avverdsmeisterskapen i sjakk 2013 Vinnar avkandidatturneringa 2014 ELO-rating: 2863 (nr 1) ELO-rating: 2792 (nr 6)
Verdsmeisterskapen i sjakk har blitt arrangert sidan 1886.
Turneringsform Til vanleg har verdsmeisterskapen i sjakk blitt arrangert som tvikampar mellom den sitjande verdsmeisteren og ein utfordrar, men tre gongar har dette blitt arrangert som sjakkturneringar med høvesvis 5 spelarar (1948) og 8 spelarar (2005 og 2007), og 4 gongar har dette blitt arrangert som ei rein cup-turnering med utslagskampar (FIDE-VM i sjakk 1999, 2000, 2002 og 2004).
VM 1886-1948 Fram til 1948 var det spelarane sjølve som stod for verdsmeisterskapen: Verdsmeisteren valde kven han ville spele mot, og spelarane forhandla om vilkåra.
VM 1948-1993 Etter 1948 var det verdssjakkforbundet (FIDE) som bestemte reglane for verdsmeisterskapen i sjakk. Spelarane hadde likevel stor innverknad på reglane.
Det vart frå 1948 oppretta eit system med soneturneringar, intersoneturneringar og kandidatturnering. Vinnaren av kandidatturneringa fekk spele VM-kamp mot regjerande verdsmeister. Ein slik VM-syklus gjekk over 3 år.
1948-1957 Mikhail Botvinnik USSR 1957-1958 Vasily Smyslov USSR 1958-1960 Mikhail Botvinnik USSR 1960-1961 Mikhail Tal USSR 1961-1963 Mikhail Botvinnik USSR 1963-1969 Tigran Petrosian USSR 1969-1972 Boris Spassky USSR 1972-1975 Robert Fischer USA 1975-1985 Anatoly Karpov USSR 1985-1993 Garry Kasparov USSR
To verdsmeistrar 1993-2005 På 1990-talet braut verdsmeisteren Garri Kasparov med FIDE, og danna sin eigen organisasjon, der han arrangerte sine eigne VM-kampar.
Samtidig arrangerte FIDE sine VM-kampar, slik at ein i mange år hadde strid om kven som var verdsmeister.
I 2000 klarte Vladimir Kramnik å slå Kasparov i VM-kamp i London, med 2 sigrar og 13 remisar. Kramnik forsvarte VM-tittelelen i 2004 i Brissago i Sveits mot Peter Leko, Ungarn med eit uavgjort resultat 7-7.
Veselin Topalov frå Bulgaria vann Verdsmeisterskapen i sjakk som FIDE fekk arrangert i San Luis i Argentina hausten 2005.
1993-1999 Anatoly Karpov Russia 1999-2000 Aleksandr Khalifman Russia 2000-2002 Viswanathan Anand India 2002-2004 Ruslan Ponomariov Ukraina 2004-2005 Rustam Kasimdzhanov Usbekistan
Ein verdsmeister frå 2006 Det vart i fleire år forhandla om å få ein sameina verdsmeister, og dette lukkast endeleg i 2006. Presidenten i Verdssjakkforbundet FIDE fekk då til ein avtale om ein kamp om verdsmeisterskapen i sjakk mellom Kramnik og Topalov hausten 2006 i Elista i den autonome republikken Kalmykia, Russland.
Etter harde kampar og anklagar om juks, lukkast det til slutt for Kramnik å vinne kampen. Vladimir Kramnik var etter dette av alle rekna som verdsmeister i sjakk.
Verdsmeisterskapen 2007 I september 2007 vart det arrangert ny turnering om VM i Mexico City i Mexico med 8 deltakarar, mellom dei den regjerande verdsmeisteren Vladimir Kramnik. Viswanathan Anand frå India vann turneringa 9 poeng på 14 rundar, 4 sigrar og 10 remisar. Kramnik kom på delt andreplass med 8 poeng. Anand var dermed frå 29. september 2007 ny verdsmeister i sjakk.
Verdsmeisterskapen 2008 Anand forsvarte VM-tittelen i ein tvikamp mot Vladimir Kramnik i Bonn, Tyskland, 14-29. oktober 2008. Kampen skulle gå over maksimalt 12 parti, slik at 6,5 poeng ville vere nok til å vinne. Anand vann med svart både det tredje og det femte partiet, og deretter med kvit i det sjette partiet. Dei tre andre partia vart remis. Anand leia deretter med 4,5-1,5, og kampen var langt på veg avgjort. Dei tre neste partia vart remis, og Anand leia dermed 6-3, og trong berre ein remis til for å vinne kampen. Kramnik vann deretter det 10. partiet, og reduserte til 6-4. Men i det 11. partiet kom Kramnik dårleg ut av opninga, og tilbaud etter 24 trekk remis, noko Anand naturlegvis tok mot: Han vann dermed VM-kampen 6,5-4,5.
Verdsmeisterskapen 2013 I november 2013 møttest Viswanathan Anand og Magnus Carlsen i tittelkamp over 12 parti i Chennai i India. Carlsen vann 3 parti, mens sju ende remis. Etter 10 omgangar var stillinga derfor Anand 3,5 - Carlsen 6,5, og Carlsen vart utropt til verdsmeister.
Verdsmeistrar i sjakk
Wilhelm Steinitz Emanuel Lasker José Raúl Capablanca Aleksander Alekhine Max Euwe Mikhail Botvinnik Vasilij Smyslov Mikhail Tal Tigran Petrosjan Boris Spasskij Bobby Fischer Anatolij Karpov Garri Kasparov Alexander Khalifman Viswanathan Anand Vladimir Kramnik Ruslan Ponomariov Rustam Kasimdzhanov Veselin Topalov Magnus Carlsen
Referansar
Bakgrunnsstoff chessgraphs.com - compare FIDE rating histories of chess World Champions Mark Weeks si side på engelsk med oversikt over alle sjakk-VM Chessgames.com si side på engelsk med oversikt over alle sjakk-VM med alle partia
Kategori:Sjakkturneringar Sjakk