mini|upright|Heilage Stefan er rekna som ein diakon-martyr.

Diakon er ei kyrkjeleg stilling som det finst ulike ordningar for i fleire kristne tradisjonar. I den katolske kyrkja, ortodokse kyrkjer og den anglikanske kyrkja er diakonane ordinerte, medan dei protestantiske kyrkjene varierer i om dei ordinerer eller berre utnemner diakonar. Diakongjerningen er berre open for menn i den katolske og ortodokse kyrkja, men kan òg tillata kvinner i den anglikanske og i protestantiske kyrkjer. Tidlegare vart kvinnelege diakonar kalla «diakonisser».

Det er lang tradisjon for at diakonane har eit spesielt ansvar for hjelp til fattige og trengande. Denne hjelpen i ein kristen kyrkjelyd vert ofte omtalt som diakoni.

Historie

Ordet diakon kjem frå gresk diakonos (διάκονος), som tyder 'tenar'. Ordet vert i Apostelgjerningane (kap. 6) brukt om sju menn som vart utvalde for å ta seg av hjelp til medlemmer i kyrkjelyden og administrative oppgåver. Ordet «degn» har same avleiing.

mini|upright|Ordinering av ein diakon i den katolske kyrkja i Polen. Ordningar i ulike kyrkjer Den katolske kyrkja I Den katolske kyrkja er diakonane ordinerte, og berre menn kan bli ordinerte.

Det finst to typar katolske diakonar: «Vanlege» og permanente. Vanlege diakonar er prestestudentar som vert vigsla til diakonar ei viss tid før prestetenesta. Somme avstår prestevigsla, og desse kan helde fram i tenesta som permanente diakonar. Gifte menn kan bli ordinerte til permanente diakonar, men ein mann som er ordinert til diakon kan ikkje seinare gifte seg.

Diakonane har eigne oppgåver i liturgien, der dei hjelper presten ved alteret. Dei har ein egen liturgisk drakt, dalmatika, og ber tradisjonelt stola skrått over brystet i staden for hengande rett ned slik prestane har den. Dei kan forrette ved ektevigsel og dåp, men kan ikkje ta imot skriftemål eller konfirmere.

mini|venstre|upright|Russisk-ortodokse diakonar. Ortodokse kyrkjer Hovudoppgåva til diakonar er liturgiske funksjonar, som å assistere presten ved alteret og å leie kyrkjelyden i bøn.

Gifte menn kan bli ordinerte, men ordinerte diakonar kan ikkje seinare gifte seg.

Den anglikanske kyrkja mini|upright|Elizabeth Catherine Ferard, den første kvinnelege diakonen i Den engelske kyrkja. Det anglikanske diakonembetet er svært likt det katolske, og anglikanske diakonar er i stor grad engasjerte i arbeidet for naudstilte.

Dei kan vere gifte, og kan òg gifte seg etter ordinasjonen, som dei anglikanske prestane.

mini|upright|venstre|Den tyske diakonen Adolf Facius. Protestantiske kyrkjer

Det varierer mellom kyrkjesamfunna om diakonane er ordinerte eller om dei berre er utnemnde av kyrkjesoknet.

I Den norske kyrkja er diakonane tilsette av sokna gjennom kyrkjeleg fellesråd, og dei er vanlegvis vigsla. Reglementet seier at ein kan bli diakon om ein oppfyller eitt av følgjande krav:

Mastergrad med bachelor i helsefag, sosialfag eller pedagogikk og mastertillegget i diakoni Teologisk embetseksamen og praktisk-kyrkjeleg utdanning med hovudvekt på diakoni Anna jamgod utdanning eller praksis

I Noreg har det vore drive diakonutdanning ved Diakonhjemmet i Oslo sidan 1890. I dag finst det diakonale utdanningstilbod også ved Universitetet i Oslo, Menighetsfakultetet, Lovisenberg diakonale høgskole, Høyskolen Diakonova og Diakonissehjemmets høgskole.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjelege titlar Kategori:Ord av gresk opphav