SMS-språk er ei skriftleg slangform som særleg er vanleg i tekstmeldingar sende mellom mobilar, men blir og brukt i mellom anna chatting på Internett. Stilen er prega av forkortingar og bruk av tal i staden for bokstavar og z i staden for s.
Språket utvikla seg blant ungdom i takt med at mobiltelefonar blei meir vanlege i slutten av 1990-åra. Det blei påverka av dei små, klønete mobiltastatura og at meldingane berre kunne innehalda 160 teikn.
Ettersom mobilar er blitt meir avanserte, med betre tastatur og ordlister, er det blitt mindre vanleg å bruka SMS-språk.
Døme på uttrykk og tydingar CU – (see you) sest d – det F2F – (face to face) andlet til andlet Gp - (gjer på?) GID – glad i deg; dessutan KGID – kjempeglad i deg oxo – også koz – kos/klem wsup - (what's up?) Kva skjer? kgd - kva gjer du? (bokmål: hvd - hva gjør du?) kk - okei me2 - me too bynn - begynne idk - (i dont know) eg veit ikkje btw-(by the way) forresten m8-(mate) kompis ty-(thank you) takk wp-(well played) bra spelt gg-(good game) bra spel 1RGI-(energi) energi 4E-(forever) for alltid 7K-(sjuk) Kategori:Sjargong Kategori:Ungdomskultur