Kvalar (Cetacea) er ein orden store pattedyr spesielt tilpassa liv i vatn. Det finst over 80 artar. Dei fleste artane held til i havet, men det finst òg nokre få tannkvalarter som lever i ferskvatn. Blant kvalane finn ein òg det største pattedyret i verda, den enorme blåkvalen som kan vege opp mot 200 tonn og verta over 30 meter lang. Den minste av alle kvalane er den vesle hektordelfinen, som normalt berre vert 1,2-1,5 meter lang og veg 35-60 kg (i snitt ca. 48 kg).

Skildring mini|venstre|Størst og minst (blåkval og hektordelfin) Kroppen Alle kvalar har ein straumlineforma kropp som gjev liten motstand i vatn, men kroppsforma ymsar likevel ganske mykje. Dei snøggaste kvalane har gjerne ein torpedoliknande kropp, mens dei langsamare artene gjerne liknar meir på eit gigantisk rumpetroll i forma. Kroppen er òg i varierande grad dekt med eit isolerande spekklag som ymsar i tjuknad frå art til art. Arter som held til i kalde farvatn (Arktis eller Antarktis) har det tjukkaste spekklaget, som hjå nokre arter kan utgjere nærmare femti prosent av totalvekta. Spekket kan på einskilde plassar verta opp mot 50 cm tjukt hjå dei største artene.

Hjå kvalen er framlemene omdanna til luffeliknande sveiver som kvalen brukar til å manøvrere med. Dei små baklemene, som ikkje er feste til ryggbeinet, er derimot gøymde inni kroppen på dyret. Ytst på halen har alle kvalane ein horisontal halefinne som dei brukar til å skape framdrift i vatnet med. Dei snøggaste kvalane kan truleg kome opp i 50 km/t eller meir. Hjå nokre arter kan halefinnen og ryggfinnen òg brukast til å identifisere individa, fordi dei er unike i anten form eller mønster.

Kvalen er mellom få pattedyr som mest ikkje har hår på kroppen.

Skjelett Kvalskjelettet saknar tyngre fast beinstruktur. Storparten av beina er lette og elastiske. Mange skjelettdelar er bytt ut med brusk eller til og med feittvev. I øyra og snutepartiet har kvalar spesielle bein som berre finst på desse plassane. Dette er beindanningar som på grunn av høg tettleik som minner om porselen har heilt spesielle akustiske eigenskapar og såleis leier ljod betre enn annan beinstruktur.

Hovud, hals og augo Mange kvalar har digre hovud. Hjå nokre arter utgjer hovudstorleiken nærmare ein tredel av kroppen. Lenginga av hovudet (snuten) har hjå nokre kvalar fått ei utforming som minner meir om ein nebb, og vert difor ofte omtalt som dette - kvalnebb. Kvalnebben er likevel ikkje bygd opp som ein tradisjonelt fuglenebb. Kraniet er vorte monaleg endra og ofte ekstremt lengd, som fylgje av at kjevane er kraftig lengde (særleg hjå dei største artene).

mini|Dei fleste kvalane har godt syn, men elvedelfinar er anten svaksynte eller heilt blinde. Halskvervlane er lite rørlege hjå dei fleste kvalartene, sjølv om nokre arter har eit visst høve til å røyva på nakken. Augo er små i høve til hovudstorleiken, men dei fleste kvalane har godt syn både i og over vatn. Elvedelfinane er likevel anten svært svaksynte eller blinde. Dei har då òg mindre bruk for synet, sidan elvesystema dei lever i gjerne har grumsete og ugjennomsynleg vatn.

Blåsehòl Hjå alle kvalane, unnateke ei art, er nasen flytt opp på toppen av hovudet eller nakken, der han dannar eit såkalla blåsehòl med anten enkel eller dobbel pusteopning. Når kvalen kjem til overflata for å puste kan somme arter byte ut omkring 90 prosent av lufta i lungene i eitt og same andedrag. Til samanlikning byter menneske ut berre om lag 30 prosent. Når den gamle lufta vert blåsen ut kan ein hjå nokre arter sjå blåsten på lang avstand. Hjå blåkvalen kan han stå 12 meter til vêrs. Nokre arter brukar òg blåsten i ein fiskenotliknande teknikk for å fange byttedyr i neddukka tilstand. Når kvalane kjem til overflata etter eit dykk treng dei gjerne fleire inhaleringar for å byggje opp oksygenreservane på nytt, men trongen ymsar mellom artene.

Inndeling thumb|right|Tannkvalar Kvalar vert tradisjonelt delt inn i to underordenar, baserte på tannstrukturen. Bardekval har fått tennene omdanna til såkalla bardar og vert generelt sett større enn tannkvalane, som har ekte tenner.

Utbreiing og habitat Kvalane lever for det meste i havet, bortsett frå elvedelfinar som finst i nokre av dei største elvesystema i verda. Kvalane finst i alle verdshava, frå pol til pol. Somme arter trivst best langs kysten, medan andre helst ferdast på ope hav. Mange av artene migrerer òg mellom sumarbeite og vinterbeite, og kan då, sjølv om dei til vanleg trivst best ved kysten, krysse over ope hav. Det finst òg relativt stasjonære arter.

Åtferd mini|Sørkaper Sosial åtferd Dei fleste kvalartene er sosiale og dannar flokkar som kan ha alt frå 2-3 dyr til fleire tusen dyr. Somme dyr lever òg i eit solitær tilvære. Dei største flokkane vert i regelen danna når kvalane migrerer mellom beiteplassene gjennom sesongen, men av og til dannar det seg òg slike kjempeflokkar om tilgangen på mat er spesielt gunstig.

Normalflokken har i regelen eit tal vaksne hoer og avkjømet deira, og vert gjerne kalla ein mødreflokk eller haremsflokk. Unge hannar dreg frå mødreflokken når dei vert kjønnsmogne og dannar ofte eigne ungkarsflokkar, medan unge hoer oftast vert verande i harems-flokken. Seinare i livet dreg dei eldre hannane frå ungkarsflokken og dannar mindre hannflokkar, eller vert solitære. Vaksne hannar og hoer kjem sjeldan saman, anna enn under paringstida, ved migrering mellom beiteplassane, og under store etegilde då tilgjenget på mat er god.

Dukkaråtferd Alle kvalar er særs dyktige dukkarar, men det er stor skilnad på dukkaråtferda mellom ulike arter og grupper. Dei beste dukkarane finn ein mellom tannkvalane, i den forståinga at mange av desse kvalane dukkar djupare og lengre enn bardekvalane. Årsaka til dette er å finne i kva desse dyra normalt et.

Som gruppe står nebbkvalane i ei særstilling når det gjeld djupe dykk, men den beste dukkaren av dei alle er truleg spermkvalen. Forskarane meiner at denne kvalen truleg kan dukke ned mot ei djupn på 3000 meter eller meir, sjølv om slike dykk aldri er vortne offisielt dokumentert. Faktisk er dei djupaste dykka som er dokumenterte av ein spermkval «berre» målt til 1 219 meter. Det er likevel vorte registrert dykk som har vart opp mot 120 minutt, og fleire forskarar trur at spermkvalen kan vere neddukka i opp mot 190 minutt (Eugen Gravningen SørmoEugen Gravningen Sørmo. 2003. «Kval i norske og hendande farvatn», side 8. Institutt for biologi, NTNU, 2003) på det mest ekstreme.

Den offisielle verdsrekorden for pattedyr er på 1899 meter, og vart utført av ein gåsenebbkval den 17. oktober i 2006, i eit dykk som varte i 85 minutt«It's. official: New free-diving record is 1,899 meters (6,230 feet)». Powered by CDNN - CYBER DIVER News Network by LEWIS SMITH. Det er likevel truleg at denne kvalen kan dukke endå djupare, truleg til meir enn 2 000 meter. Nebbkvalar dukkar vanlegvis i 20-30 minutt og til djupner på 1000 meter eller meir.

Sjølv om kvalen er eit pattedyr unngår han dykkesjuke. Når ein kval dukkar djupare enn 100 meter, kollapsar lungene ettersom trykket aukar, og den komprimerte lufta vert pressa inn i det respiratoriske treet som motstår trykket fordi kvalane har brusk i veggene, heilt ned til dei terminale bronkiolene. Brusken gjer at kvalen toler trykket. Frå desse respiratoriske gangane kan ikkje nitrogenet trekkje seg inn i blodbana, slik at dukkarsjuke kan oppstå.

Kvalane har utvikla mange av dei same tilpassingane til dukking ein finn hos selar. Kvalane har mellom anna auka kapasitet for lagring av oksygen som fylgje av eit stort blodvolum med høge hematokritverdiar (delar med raude blodlekamar målte i prosent) og høge konsentrasjonar av myoglobin (eit protein som er viktig for å transportere oksygen til musklane) i muskulaturen. Det er òg kjent at kvalar kan regulere hjartefrekvensen under dukking - såkalla bradykardi, men artene har truleg ulike føresetnader og turft. Turfta er størst hjå dei artene som dukkar djupast, og difor truleg òg best utvikla.

Kommunikasjon mini|Knølkvalen er kjend for kvalsongen sin. Kvalen kommuniserer med både ljod (såkalla kvalsong) og kroppsspråk. Kvalsongen vert gjerne delt opp i emnar eller frasar (sistnemnde er kortare). Det er berre hannane som «syng», og forskarane har registrert at songen endrar litt seg frå år til år. Mest kjend for songen sin er knølkvalen. Sidan kvalar ikkje har stemmeband, oppstår songen når kvalen pressar luft gjennom dei digre nasegangane sine. Forskarar er framleis usikre på kva formålet med kvalsongen er, men sidan berre hannane syng, trudde ein lenge at songen berre var for kurtisering. No meiner likevel forskarane at songen òg tener ei rekkje formål. Sidan ljod ber svært godt i vatn kan kvalar kommunisere med infraljo (lågfrekvent ljod) over enorme distansar, kanskje over fleire hundre kilometer. Kvalar har difor spesielt godt utvikla høyrsel.

Kvalstranding thumb|left|Stranda kval som vert freista berga Det hender at kvalar strandar, altså sym på land og ikkje sjølv klarer å ta seg ut på djupt nok vatn til å kunne symje. Kvalstranding skjer jamt oftare og oftare, men ein veit ikkje visst kvifor det skjer. Det eksisterer ei mengd ulike teoriar. Ein teori er at kvalane av ulike årsaker feilnavigerer. Ein annan teori er at kvalane vert jaga på land, til dømes av jaktande spekkhoggarar.

Dei fleste kvalane som strandar er arter som held til på djupt vatn. Dette er årsaka til teorien om feilnavigering. Ein kan tenkje seg at dei ikkje er kjende i kyststroka og difor feilnavigerer og hamnar på land. Den mest omfattande massestrandinga ein kjenner til i nyare tid hende på New Zealand i 1985, då om lag 400 grindkvalar stranda i laupet av kort tid. Òg i 2005 stranda det 129 grindkvalar på New Zealand, men denne gongen greidde styresmaktene å berga 108 av dei«Strandede hvaler på New Zealand reddet». 21. desember 2005. NTB/VG.

I det siste har stadig fleire forskarar teke til ords for at såkalla elektronisk forureining kan vere ei årsak til at kvalar strandar. Ein tenkjer seg då at stadig meir utstrekt bruk av ekkolodd og sonar (særleg i militær samanheng) kan påverke navigasjonsevna åt kvalane.

Evolusjon

Nedstamming Nedstamminga til kvalane har lenge vore ei gåte for vitskapen, som har hatt to hovudteoriar. Lenge trudde ein at kvalane var etterkomarar av forhistoriske kjøtetande dyr som likna mest på notidas hyenar, men hadde høver. Denne gruppa dyr er kjend under det vitskaplege namnet Mesonychidae.

Ifylgje den andre hovudteorien, som no altså vert rekna som den sikraste, delte kvalane forfedrar med dyr i gruppa Artiodactyla, ei gruppe klauvdyr som i tillegg òg omfattar sauer, geiter, hjortar, storfe og flodhestar. Tidlegare molekylære og genetiske studium styrkjer òg denne teorien, som gjer flodhesten til kvalen sin nærmaste nolevande slektning. Den felles ættefaren deira høyrde såleis til den vitskaplege gruppa Condylarthra, som gjerne vert kalla tidlege hovdyr og truleg blomstra opp for om lag 65 millionar år sidan, samstundes med at dinosaurene døydde ut.

Dei første kvalane Ein reknar no med at kvalen sine ættefedrar gjekk i vatnet for omkring 50 millionar år sidan, der dei etter kvart vert til tidlege kvalar i gruppa Archaeoceti. Endringa frå denne gruppa til moderne kvalar (i gruppa Cetacea) tok truleg noko over 20 millionar år.