Václav Havel () var ein tsjekkisk forfattar, dramatikar og politisk aktivist. Han var den siste presidenten i Tsjekkoslovakia og den første presidenten i Tsjekkia. Havel var ein av dei som bygde opp til borgarrettsgruppa Charta 77. Han vart fengsla saman med fem andre den 25. mai 1979 og sat i fengsel til 1983. Ved fløyelsrevolusjonen i 1989 var han ein av leiarane.

Havel vart fødd i Praha. Den 4. januar 1997 vart han gift med Dagmar Veskrnová, ein tsjekkisk skodespelar. Han døydde på landstsaden sin i Hrádeček nord i Tsjekkia.

mini|venstre|Václav Havel i 2008.

Kjelder

«Vaclac Havel er død» i aftenposten.no

Bakgrunnsstoff

Václav Havel i nettstaden til den tsjekkiske presidenten.

Kategori:Tsjekkiske presidentar Kategori:Tsjekkoslovakiske presidentar Kategori:Tsjekkiske politikarar Kategori:Tsjekkiske forfattarar