Den heilage Anatolios av Konstantinopel {død 3. juli 458) var ein patriark av Konstantinopel på 400-talet.

Liv Anatolios var fødd i Alexandria på andre halvdelen av 300-talet. Han vart ordinert som diakon av Kyrillos av Alexandria. Han og Kyrillos var med på det tredje økumeniske konsilet i Efesos i 431, der deltakarane fordømde læra til Nestorius, som ut frå ortodoks syn var kjettersk.

Etter at Kyrillos døydde i 444 vart Anatolios verande diakon i Alexandria. Den nye erkebiskopen av Konstantinopel, Dioskoros av Alexandria, fylgde læra til Eutyches, som hevda at Guds natur i Kristus har absorbert den menneskelege. Dette vart sett på som kjettersk av den ortodokse kyrkja, som meinte læra undergrov grunnlaget for Kyrkja si lære om frelse og bot for mennesket. I 449 heldt Dioskoros og tilhengarane hans eit konsil som var støtta av keisaren, men fordømd som kjettersk av seinare ortodokse. Flavian, som var patriark i Konstantinopel, forfekta dette ortodokse synet, vart avsett/

Anatolios vart vald som den nye patriarken og byrja ivrig å gjenopprette klarskap i rettruskapen. På eit kyrkjemøte i 450 fordømde han læra til Eutyches og Dioskoros. Pave Leo I nekta først å godta ein biskop som var blitt utnemnd av ein kjettar, men etter at Anatolios hadde demonstrert rettrua si blei han akseptert.«Council of Chalcedon» i Catholic Encyclopaedia

Keisar Theodosius hadde støtta eutychianismen. Då han døydde 28. juli 450 fekk landet Austromarriket nye leiarar som derimot såg på denne læra som kjettersk. Året etter, i 451, vart det fjerde økumeniske konsilet halde i Kalkedon med hjelp av patriark Anatolios. Deltakarane ved det kalkedonske konsilet stadfesta dogmet om å tilbe Kristus som «ein perfekt guddom og eit perfekt menneske, ein ekte Gud og eit ekte menneske».

Kyrkja kjempa mot kjetteri i lang tid. og Anatolios var i kontinuerleg kamp mot kjetterske lærer fram til han døydde i 458. Sjølve dødsfallet har vore mistenkt for å vera eit drap utført av kjettarar.«Den hellige Anatolius av Konstantinopel ( -458)» ved katolsk.no

Minnefestdager for St. Anatolios 3. juli i den julianske kalenderen, tilsvarande 16. juli i den gregorianske

Kjelder Ortodoks kalender 2007

Bakgrunnsstoff Den hellige Anatolius av Konstantinopel ( -458) ved katolsk.no «St. Anatolius» i Catholic Encylopedia ved newadvent.org

Kategori:Ortodokse helgenar Kategori:Katolske helgenar Kategori:Folk frå Alexandria Kategori:Døde i 458 Kategori:Patriarkar av Konstantinopel