mini|upright|Døme på den eldste norske litteraturen: Runestein ved Granavollen i Gran.

Norsk litteratur kan visa til litteratur og forteljekunst på norsk og frå område som har høyrt til Noreg. Til litteraturen reknar ein eddadikt frå førkristen tid på 800- og 900-talet, skaldekvad frå både førkristen og kristen tid, norrøne sagaer frå Island, mellomalderdikting med stoff og påverknad frå Europa elles, verk skrivne av nordmenn i Danmark under dansketida, og den nasjonale litteraturen som utvikla seg saman med norsk skriftspråk på 1800-talet og seinare. Samstundes blei det også skapt utvandrarlitteratur, særleg blant norskamerikanarar i USA.

I tida etter at Noreg vann sjølvstende i 1814 markerte diktaren Henrik Wergeland seg som ein nasjonal forfattar med stor innverknad, medan dramatikaren Henrik Ibsen sette spor i den europeiske litteraturen og verdslitteraturen. Etter unionsoppløysinga i 1905 heldt den litterære voksteren fram, og landet fekk mellom anna to nobelprisvinnande forfattarar i Knut Hamsun og Sigrid Undset.

Runeinnskrifter

Dei eldste nedskrivne tekstane frå Noreg er innskrifter på runesteinar med teikn frå det eldre runealfabetet. Det er bevart runeinnskrifter frå midt på 100-talet. Kjende runesteinar er Tunesteinen frå Østfold laget i perioden 200–450, og Eggjasteinen frå Sogn frå om lag 600. Desse innskriftene hadde hovudsakleg ein minnefunksjon eller ein magisk-religiøs funksjon. Litteraturen var for det meste munnleg, og blei først nedskriven mykje seinare.

Norrøn litteratur (800-1350) mini|Ei side frå Bergs bók, eit islandsk manuskript som inneheld Den større soga om Olav Tryggvason og ein lengre versjon av Soga om Heilag-Olav. I norrøn tid hadde dikt og diktarar høg status. Norrøn versedikting blir delt inn i to hovudgrupper: Eddadikt, som ikkje har kjend forfattar, og skaldedikt, forfatta av namngjevne skaldar. Dikta blei overleverte munnleg fram til dei blei nedskrivne på Island på 1200- og 1300-talet.

Rytmen i versa (versemålet) har opphav i det norrøne språket. Han byggjer på ei veksling mellom tunge og lette stavingar og regelbunden allitterasjon (stavrim). Eddadikta har to versemål: fornyrdislag og ljodahått. I skaldedikt var det viktigaste versemålet drottkvætt. Dette var truleg utvikla frå fornyrdislag. Dette er eit meir komplisert og intellektuelt krevjande versemål enn dei ein finn i eddadikta.

Av den norrøne versediktinga blei dei første heltedikta truleg til i eit norsk miljø. Delar av Håvamål og fleire av dei eldste skaldedikta kan også ha blitt skrivne i Norge, men etterkvart blei islandske skaldar stadig meir viktige.

Skalden var knytt til hirden til ein konge eller hovding, og hadde som oppgåve å kasta glans over oppdragsgjevaren sin. Det typiske skaldediktet er difor eit lovkvad, men det finst også ei rekkje «kvardagsvers», gjerne einstrofingar, som blir kalla «lausviser».

Den munnlege litteraturen omfattar også prosaforteljingar, som truleg har gått gjennom større endringar enn versediktinga. Ein reknar med at delar av sogelitteraturen som blei skriven ned frå slutten av 1100-talet bygga på denne munnlege diktinga. Sogediktinga blir delt inn i tre hovudgrupper: Kongesoger, ættesoger eller islendingesoger og fornaldar- og riddersoger.

Det latinske alfabetet blei innfør til Noreg i lag med kristendommen. Det blei opphavleg brukt til å skriva latin, men rundt slutten av 1000-talet byrja ein også å bruka det til å skriva norrøne tekstar. Seint på 1100-talet blei truleg den første norrøne oversiktssoga om dei norske kongar, Ágrip, skriven, kanskje av ein nordmann. Den seinare Sverresoga blei skriven av ein islending i samarbeid med kongen sjølv.

Det norske hoffet blei ein viktig årestad for norrøn litteratur. Riddersoger og dei såkalla Eufemiavisene blei innført frå sør i Europa og omsett. Frå Håkon Håkonsson si tid tid kjem Kongsspegelen, eit pedagogisk verk forma som ein samtale mellom ein konge og sonen hans. Verket er skrive i intrikat og rytmisk prosa. Elles blei det skrive verdslege og kyrkjelege lovtekstar, med lovene til Magnus Lagabøte som høgdepunkt.

Seinmellomalder (1350-1500)

På 1300-talet døydde det meste av den skriftlege litterære produksjonen ut i Noreg. Bruken av skriftspråket gjekk tilbake, men munnleg dikting fekk ein viktigare plass att. Perioden var prega av gjenbruk av litteratur som allereie fanst i bokform. Fiksjon og reine eventyrsoger blei ein dominerande sjanger, men også dette helst på Island. Det skriftlege materialet som er bevart frå Noreg er stort sett berre jordebøker, liturgiske bøker og diplom (opphavleg skrivne på latin, frå 1100-talet også på norsk). Dei to første bøkene trykt (i utlandet) til bruk i Noreg var Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense, som blei gjevne ut av erkebiskop Erik Valkendorf i 1519.

Folkedikting mini|Bokside av Draumkvæde frå 1904, illustrert av Gerhard Munthe. Den munnlege folkediktinga som fanst i Noreg frå mellomalderen til moderne tid kjenner ein først og fremst takka vera den omfattande innsamlinga og nedskrivinga som fann stad etter europeiske førebilde på 1800-talet. Det finst likevel også spreidde døme på motiv og historier frå den munnlege tradisjonen i den norrøne sogadiktinga og i spreidde skriftlege kjelder frå perioden 1200–1800.

Folkediktinga har mange former og sjangrar, og ein finn stort sett dei same i Noreg som i andre land. Dette kjem av at den norske folkediktinga hadde europeiske førebilde og i stor grad blei importert frå Europa for seinare å bli omforma etter norske forhold. Dei viktigaste sjangrane er folkeviser, eventyr, segner, ordspråk og rim og regler. Ein særnorsk sjanger er stevet, som ein deler inn i gammalstev og nystev etter tidsopphavet.

Stev kan ta opp ei rekkje ulike emne, som gode råd om skikk og bruk eller om livet, eller dei kan vera reine drikkeviser (ølstev). Dei lengre folkevisene er forteljande. Innhaldet er typisk henta frå føydale miljø sørover i Europa (ridderviser), og handlar ofte om ulukkeleg kjærleik (som «Bendik og Årolilja»). Troll- og kjempeviser kan vera meir særnorske og kan handla om bergtaking og utfriing, som «Liti Kjersti». Den best kjende og ofte best omtykte norske folkevisa er derimot ei religiøs vise, Draumkvedet, som slektar på anna populær visjonsdikting frå mellomalderen.

Eventyret er eldre enn folkevisene, og finst med like eller nærskylde motiv i fjerntliggande kulturar. Eventyra blir likevel rekna som typisk norske fordi språket og forteljarmåten har sterke norske røter, og fordi dei er tilpassa norske tilhøve. Mange av dei norske segnene kan også ha internasjonale røter, men dei fleste handlar om heimlege og lokale tilhøve. I Noreg finst det til dømes mange segner om Olav den heilage og om hendingar under Svartedauden.

Som norskspråkleg litteratur har også samisk litteratur ein gammal munnleg tradisjon med segner, eventyr og joik.

Reformasjon og humanisme (1500-talet)

På 1500-talet døydde det gamle norske språket ut som skriftspråk. Heretter og i fleire hundre år framover skreiv nordmenn på dansk. Deira litteratur i dette hundreåret var prega av humanismen. Med forfattarar som Absalon Pederssøn Beyer (Om Norgis Rige) og Peder Claussøn Friis (Diur, Fiske, Fugle og Træer udi Norrig) i spissen blei grunnlaget lagt for den historisk-topografiske litteraturen i Noreg. Absalon etterlét seg også ei dagbok som gjev eineståande bilde av norsk byliv på 1500-talet, og Peder omsette Heimskringla og andre kongesoger. Frå 1500-talet stammar også Hamarkrøniken og den danskfødde E.H. Schønnebøls Lofodens og Vesteraalens Beskrivelse.

Barokk (1600-talet) mini|Førstesida til Taare-Offer av Dorothe Engelbretsdotter. Også på 1600-talet dominerte historiske og topografiske tekstar skriftlivet i Noreg, saman med salmar, andaktsbøker, preikesamlingar og leilegheitsdikting på vers. Mot slutten av hundreåret stod to viktige norske diktarar fram. Dorothe Engelbretsdotter i Bergen skreiv salmar i barokkstil, og vann eit stort ry. Hennar Sjælens Sangoffer (1678) kom i heile 24 opplag. Nordlandspresten Petter Dass kombinerte salmedikting og topografisk dikting. I hans «katekismussanger», i viser og leilegheitsvers og i meisterverket Nordlands trompet (trykt posthumt 1739) blir kristendom sameint med kjennskap til og skildringar av geografi og levevilkår på Helgelandskysten.

På 1600-talet kom dei første skriftlege tekstane på samisk, først stort sett som abc-bøker og religiøs litteratur.

Opplysingstid og klassisisme (1700-talet)

På 1700-talet fekk tankar frå opplysingstida stor innverknad i dansk-norsk åndsliv. Ein leiande skikkelse i både norsk og dansk litteratur er bergensaren Ludvig Holberg som drog til København som student og busette seg der for godt. Forfattarskapen hans omfattar satiriske dikt, historie, filosofi, epistlar, essay og ein fantastisk reiseroman. Særleg lukke har komediane hans gjort. Han henta inspirasjon både frå antikken og frå samtidige franske og engelske forfattarar som Molière og Jonathan Swift.

Klassisistisk tradisjon og førromantiske tendensar prega felleslitteraturen i siste halvdel av 1700-talet, blant andre også dei to dansk-norske lyrikarane Peter Chr. Stenerson (Critiske Tanker over de riimfrie Vers) og Christian Braunmann Tullin («Maidagen»), som begge debuterte rundt 1760. Mot slutten av 1700-talet fekk kunstdiktinga dialektale innslag med blant anna Edvard Storm sine døleviser.

I norsk samanheng har ein krins norske studentar i København fått stor merksemd etter at dei stifta Det norske Selskab i 1772. Dei forsvarte den fransk-klassiske linja mot dei nye romantiske strøymingane, og gav uttrykk for ei spirande patriotisk nasjonalkjensle, ikkje minst uttrykt i Johan Nordahl Brun sin skålsong «For Norge, Kiempers Fødeland». Til krinsen høyrde også brørne Claus og Peter Frimann, Thomas Stockfleth, Claus Fasting og Jens Zetlitz. Samla dekka dei eit relativt breitt spekter av litterære former – frå drikkeviser og folkelivsbilde til from salmedikting og høgstemte tragediar – til dels med nasjonalhistoriske motiv. Ein nordmann i selskapet stikk seg ut: Den sorgmuntre epigramdiktaren Johan Herman Wessel, som særleg gjorde seg merk med tragedieparodien Kierlighed uden Strømper (1772).

Romantikk (1800-1850)

Romantikken var ei ny byrjing i europeisk kultur, med ei ny vektlegging av det unike og ekte, av kjensler, fantasi, natur og historie. Likevel var det vesle som blei skrive i Noreg i åra etter 1814 mest prega av klassisistiske førebilde. Maurits Hansen peika seg ut med riddareventyr, realistiske folkelivsskildringar og den første norske kriminalromanen.

Rundt 1830 kom det romantiske gjennombrotet i Noreg med Henrik Wergeland. Hans dikting sameiner romantikk og opplysingstid, politisk liberalisme og kosmisk-religiøs universalisme. Han verka seg i ei rekkje sjangrar, men særmerkte seg innan lyrikken. Den fremste motstandaren hans, Johan Sebastian Welhaven, reagerte kraftig både mot Wergeland sitt brot mot etablerte estetiske normer og mot den sterke norske patriotismen hans. Han la vekt på klarheit og harmoni i poetikken sin, og ville halda dagleg politisk kamp unna.

I 1840-åra knytte Welhaven til seg den nasjonalromantiske rørsla, der beundring for den gamle norske stordomstida blei sameint med bondedyrking og begeistring for norsk natur og folkeliv. Asbjørnsen og Moe sin eventyrsamlingar, M.B. Landstad sine folkevisesamlingar, P.A. Munch sine historieverk, Lindeman si innsamling av folkemelodiar og Ivar Aasen sine studiar av bygdedialektar er dei klaraste uttrykka for denne vendinga mot folkelege kulturformer som blei oppfatta som spesifikt norske. I litteraturen viste dette seg også i dikt av Welhaven, Andreas Munch og Jørgen Moe, og i P. Chr. Asbjørnsen sine natur- og folkelivsskildringar.

Frå romantikk til realisme (1850-1875)