Oxía (gresk Οξεία), òg kalla Oxiés, Oxiá eller Oxeia er ei øy i Hellas og øygruppa Ekhinádes, som høyrer til Dei joniske øyane. Ho er hovudøya i den sørlege delen av øygruppa og er ein del av kommunen Itháki i periferieininga med same namn. Oxía har det høgaste punktet i Ekhinádes på 421 meter over havet. Øya er 5 km lang og om lag 2 km brei, og har to fjell. Øya er ikkje busett.Folketeljing 2021

Ein kan sjå øya heilt frå Etoloakarnanía, nord og vest i Akhaía, mykje av det nordlege og nordvestlege Ilía, delar av Zákynthos, søraust på Kefaloniá, Itháki og søraust på Levkáda.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oxeia» frå , den 2. august 2007.

Oxia