Khálki (gresk Χάλκη), òg kalla Chalki, Halki og Khalke, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg om lag 6 km vest for Ródos. Med eit areal på 28 km² er ho ei av dei minste busette øyane i Dodekanesane, og ho har ein busetnad på 475 innbyggjarar (2021), som bur i landsbyen Emborió eller Khálki by, med unntak av 1 innbyggjar som er registrert i Khorió.
Khálki er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Øya hadde tidlegare langt fleire innbyggjarar, men mange emigrerte på midten av 1900-talet. Ruinane av ei mellomalderborg laga av Maltesarordenen ligg ovanfor gamlebyen, og kapellet inneheld nokre originale fresker.
Øya har nesten ikkje vasskjelder og regnvatn vert samla i cisterner. Drikkevatn vert transportert frå Ródos, men i sommarmånadane kan det verte vassmangel.
Hovudnæringa på øya er turisme, men fiske utgjer òg ein vesentleg del av næringa.
Mellom Khálki og Ródos ligg Alimiá og mange andre mindre klippeøyar.
Byar og tettstader Busetnadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Khálki 478 474 Khorió 1
Småøyar i kommunen: Ájos Theódoros (0) Alimiá (0) Káto Prasoúa (0) Kolófonas (0) Krevátia (0) Maelonísi (0) Makrí (0) Nípouri (0) Páno Prasoúa (0) Sfýra (0) Strongýli (0) Tragoúsa (0) Tsoúka (0)
Referansar
Kjelde
Khalki Khalki Khalki Khalki