Austrheim er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg i Nordhordland, nordvest i havgapet sørom munningen til Fensfjorden og grensar i nord til Gulen i Sogn og Fjordane, i aust til Lindås, i sør til Radøy og vest i havet ligg Fedje. Kommunen omfattar øyane Fosnøy, Bakkøy, Njøten og ei rekkje mindre øyar, holmar og skjer i tillegg til den nordvestlegaste delen av Lindåshalvøya. 13 større og mindre bruer bind kommunen saman og dei største øyane har alle vegsamband til fastlandet.
Det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, ligg på Lindåshalvøya i Austrheim.
Langs den fiskerike Fosenstraumen ligg det ei rekkje buplassar frå steinalderen.
Delar av Mongstad industriområde ligg i kommunen.
Kommunevåpenet Kommunevåpenet er frå 1989 og viser tre bøygde sylvbjelkar på blå botn, der bjelkane symboliserer bruene som bind kommunen saman, og dei blå felta symboliserer himmelen over og havet under bruene. Det er Svein Skauge som har teikna det.
mini|Tiriltunge, kommuneplanta til Austrheim. Kommuneplante Tiriltunge (Lotus corniculatus) vart i 1998 vald ut til å vera kommuneplante for Austrheim.
Historie Austrheim vart eigen kommune 10. oktober 1910, då han vart utskild frå Lindås herad. Fram til 1947 omfatta kommunen òg dagens Fedje kommune. Austrheim kommune overlevde dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet, men 1. januar 1964 vart ein liten del av den gamle kommunen, med 56 innbyggjarar, overført til Radøy kommune.Folkemengde i Austrheim 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Austrheim kommune frå 1951: 1.1.1951 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 2390a 2147a 1849 2591 2671 2522 2738 a Talet omfattar eit område som vart overført til Radøy kommune i 1964. Dette området hadde då 56 innbyggjarar.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Austrheim kommune Stor digitalisert fotosamling med bilete frå Austrheim, samt info om dei nye bygdebøkene. Detaljert kart på nettsidene til Fylkesmannen i Hordaland. Informasjonssenter for Nordhordland og Gulen.
Kategori:Tidlegare kommunar i Hordaland Kategori:Kommunar i Vestland Kategori:Nordhordland Kategori:Strilelandet