mini|Mange ferierer ved ein badestrand. Ferie er fleire fridagar etter kvarandre. Ordet blir au bruka om ferieopphald eller feriereiser.
Ein kan ha ferie frå arbeidsplass eller skule. Feriar kan hanamn etter tida dei fell på, som juleferie, sommarferie, påskeferie og vinterferie.
Ordbakgrunn Ordet «ferie» kjem opphavleg frå det latinske fleirtalsordet feriae, som var religiøse festdagar da ein ikkje dreiv handel og forretningar. Ordet viste seinare til ein periode da undervising og rettsmøte tok slutt. «Ferie» kom som eit framandord på norsk på slutten av 1800-talet.
Ferie kan bli omsett med holiday («heilagdag») på britisk-engelsk og vacation («ledigheit») på anglo-amerikansk.
Ferie i arbeidslivet
I Noreg I Noreg er ferie for lønnsmottakarar regulert av ferieloven. Ferieloven sikrar alle arbeidstakarar 25 vyrkedagar ferie kvart år. Med vyrkedagar meiner ein au laurdagar. 25 feriedagar svarar derfor til fire veker pluss éin dags ferie kvart kalenderår. Tariffoppgjeret i 2000/2001 gav mange grupper ei femte ferieveke, men denne ekstra ferien er ikkje ein del av ferieloven, og det er eit lokalt spørsmål ved kvar enkelt arbeidsplass om dei tilsette har ei ekstra veke fri. For arbeidstakarar som har fylt 60 år er det imidlertid ei ekstra ferieveke kvart år, til saman minimum 31 dagar ferie.
Feriepengar skal bli rekna ut med 10,2 % av arbeidsvederlag som er utbetalt i året før ferien blir tatt, uansett varighet av arbeidstilhøvet. For arbeidstakarar over 60 år er utgjer feriepengane 12,5 % av lønna.
I utlandet Oversynet under viser minimum lovfesta ferietid i forskjellige land og byggjer delvis på eit oversyn utarbeida av konsulentfirmaet Mercer i 2007.Her får du mest ferie-artikkel i Aftenposten 19.06.2007 Lønnsmottakarar i Finland har lengst ferie med 30 dagar betalt ferie og opp til 14 lønna høgtidsdagar i året. Au i Frankrike og Dei sameinte arabiske emirata er 30 dagar minimum. Minst ferie er det i fylgje Mercer på Filippinane, der arbeidstakarane har krav på berre fem dagars ferie i løpet av året.
LandMinimum feriedagar med lønnHøgtidsdagar med lønnTotaltKommentarArgentina 14-3514 kalenderdagar for arbeidstakarar med 0-5 års ansiennitet, 21 kalenderdagar frå 5-10 år, 28 kalenderdagar frå 10-20 år og 35 kalenderdagar frå 20 år.Austerrike251338For eldre arbeidstakarar er det 42 dagar løna ferie i året.Australia2011 (gjennomsnitt)31Frå 27. mars 2006 er det 20 dagar (fire veker) ferie derav to veker kan «bli seld» til arbeidsgivaren. I tillegg er også eldre arbeidtakarar Long service leave løna.Bahamas14-2114 dagar etter eitt års tilsetting, 21 dagar etter fem års tilsettingBelgia201030Brasil 3030 samanhengande dagar, derav ti kan «bli seld» tilbake til arbeidsgivarenBulgaria min. 20 arbeidsdagarCanada1010 (gjennomsnitt)20ti arbeidsdagar, bestemt av lovar på provinsnivåChile 15 vyrkedagarColombia 14 dagarCosta Rica 14 dagarTo veker etter eitt års tilsetting Danmark251035Seks veker, derav fem dagar som kan bli «selt» tilbake til arbeidsgivaren («omsorgsdagar»)Dei sameinte arabiske emiratane30939EU 28Meir i enkelte landEcuador14 dagarFilippinane51419Finland301444Frankrike3010405 veker pluss 2 veker med RTT («Reduction du Temps de Travail», «reduksjon av arbeidstid») avhengig av arbeidsavtalen)Hellas25123720 arbeidsdagar eller meir avhengig av år i firmaetHong Kong Sju dagarIrland20 dagarPluss ni offentlege høgtidsdagarIsrael 14 dagarItalia20113120-30 dagar pluss elleve offentlege høgtidsdagarJapan 1818 dagar betalt fri (inkludert sjukefråvær). Offisielt fem veker (som ein reaksjon på karoshi-problemet, utbrenthet, i japansk arbeidsliv)Kina Ikkje påkravdKroatia 18 vyrkedagarLatvia 28Mexico 7Nederland20 828Fire vekerNy Zealand28Frå 1. april 2007Noreg25113625 vyrkedagar (inkludert laurdagar)Paraguay14 dagarPeru 14 dagarPolen26103620 arbeidsdagar, 26 arbeidsdagar etter ti års tilsettingPortugal 22 arbeidsdagarOpptil 25 dagar viss det ikkje har vore fråvær året førPuerto Rico 15 dagarRomania min. 20 vyrkedagarSaudi-Arabia 15 dagarSingapore 7Sør-Afrika 21 samanhengande dagarSpania221436Storbritannia20 82820 kalenderdagar pluss 8 «bank holidays» (britiske og irske heilagdagar, opphavleg da bankane heldt stengt)Sverige25113625-32 vyrkedagar avhengig av alderSveits28 kalenderdagar28 kalenderdagar = 20 vyrkedagarSør-Korea Ti vyrkedagarTaiwan Sju dagarTsjekkia Fire vekerTyrkia Tolv vyrkedagarTyskland241034Fire veker, det vil seie 24 arbeidsdagar medrekna laurdag (sjølv om arbeidsveka er frå måndag t.o.m. fredag) pluss ni til 13 høgtidsdagarTunisia 30 vyrkedagarUkraina 24 kalenderdagarUngarn 20 arbeidsdagarUruguay14 dagarUSA151025Det er ingen føderal lov som pålegg arbeidsgivarar å tilby korkje lønna eller ulønna ferie. Sju til tolv dagar er likevel vanleg for dei fleste arbeidstakarane, til dømes ti vyrkedagar med åtte national holidays. Tilsette i det amerikanske forsvaret opparbeider 2,5 dagar kvar månad, til saman 30 feriedagar i året, ikkje medrekna national holidays.No-Vacation Nation (på engelsk)Venezuela 15 dagar15 dagar med lønnVietnam14822
Sjå au Camping Cruise Fellesferie Ferieloven - feriepengar - feriefondet Feriekoloni Folkeferie Fritid Heilagdag - høgtidsdag Husmorferie Skoleferie Sommarferie Turisme
Referansar
Bakgrunnsstoff Oppslagsordet «ferie» i Ordsprog over det danske sprog 1700-1950 (på dansk) Oppslagsordet «Ferie» i det venstreorienterte Paxlexikonet frå 1976-1983 Arbeidstilsynet om ferie
Kategori:Arbeidsliv Kategori:Rekreasjon Kategori:Turisme Kategori:Utdanning Kategori:Høgtider