Gustav Rasmussen () er ein norsk Ap-politikar og diktar frå Stord.

Gustav Rasmussen er tilsett som arbeidsleiar i Aker Stord. Han er vidkjend for dei små humoristiske dikta, eller morgonsteva som han kvar morgon sender ut til hundrevis av tilsette i Aker Kværner. Han har og gjeve ut boka «Skråblikk», som inneheld eit utval av morgonsteva hans. Rasmussen representerer Stord Arbeidarparti i kommunestyret og formannskapet i Stord kommune.

Kategori:Lokalpolitikarar i Stord Kategori:Ap-politikarar i Hordaland Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Stord