Khasia (gresk Χάσια), òg kalla Khassia, Hasia og Hassia, er eit fjell nord i Tríkala (i periferien Thessalía), sør i Grevená (i periferien Vest-Makedonía og landskapet Makedonia) og lengst aust i Ioánnina (i periferien Ípiros). Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos.

Fjellet er 40 km langt frå aust til vest og 15-20 km breitt. Elva Aliákmonas renn i nordaust og er kjelda til Piniós som renn i sør. To andre elvar renn i nord.

Skogar dominerer dei lågareliggande områda og inneheld furu og gran, medan dalar, grassletter og buskar, i tillegg til berre område, dominerer i høgareliggande område. Området rundt fjellet inneheld landsbyar, skogsvegar og turstiar.

Frå toppen kan ein sjå nærliggande fjell i dei austlege områda av Ioánnia, som strekkjer seg så langt som til dalen langs elva Aóos (Vjosë), byen Ioánnina og Pamvótidasjøen. Ein kan òg sjå nordvestlege område av Tríkala og dei sørlege og sentrale områda av Grevená og Andikhásiafjella.

Nærliggande fjell

Andikhásia, sør Lákmos, sørvest Lýgos, nordvest

Nærliggande stader

Emilianós, nordaust Karperó, nordaust Agnandiá, søraust Miliá, sørvest Korydallós, sørvest Kipourío, nordvest

Stader i fjella

Kranía, vest Trikokkiá, aust

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chasia» frå , den 22. august 2007.

Khasia Khasia Khasia Khasia