Panakhaikó (gresk Παναχαϊκό), òg skrive Panachaicus, Panakhaikos eller Panahaiko, er eit fjell i periferieininga Akhaía i Hellas. I mellomalderen vart fjellet kalla Vodiás (Βοδιάς). Det strekker seg 20 km frå nord til sør (frå Glávkos til Psathópyrgos) og 15-20 km frå aust til vest (frå aust for Pátra til vest for Selianítika). Det er det nordlegaste fjellet på Peloponnes. Det høgaste punktet er 1 926 moh. På fjellet ligg det eit skisenter og to kommunikasjonstårn. Snø er vanleg i områda over 1 000 meter.

Ein gamal akropolis låg på ein av dei høgaste toppane på Panakhaikó.

Bakgrunnsstoff https://web.archive.org/web/20091001233510/http://www.geocities.com/ggiotop/panaxaiko/

Kjelder

Panakhaikó Kategori:Fjell i Hellas