Åge Aleksandersen () er ein norsk rockeartist (songar, gitarist, låtskrivar og musikkprodusent). Han byrja karrieren sin som ein sentral artist i Prudence frå 1968 til 1975, der han var ein av opphavsmennene til den såkalla trrønderrocken gjennom at han song på dialekten sin. Seinare har Åge Aleksandersen vorte svært kjend som soloartist med støttebandet Sambandet, som han starta i 1976.

I 1980 deltok Åge Aleksandersen i norsk Melodi Grand Prix, der han kom på andreplass med songen «Bjørnen sover», som var ein kritikk av at Sovjetunionen invaderte Afghanistan. Det var med albuma Ramp (1980) og Dains med mæ (1982) at han fekk gjennombrotet sitt, og den mestseljande plata hans er Levva livet frå 1984. Totalt har han selt nesten 1,5 millionar plater, og omtrent alle albuma hans sidan 1980 har selt til gull.

Åge Aleksandersen er i dag ein av dei mest populære rockemusikarane i Noreg, og han har hatt eit breiare publikum og ein lengre karriere enn dei fleste andre i norsk rock.Hvem er hvem?, s. 20 Han har fått fleire spellemannsprisar, mellom andre heidersprisen for 1981 og for 2006.

Han har òg arbeidd som musikkprodusent, mellom anna for DDE.

Diskografi 1975: 7800 Namsos 1976: Mot i brystet, mord i blikket, Bomben und Granaten 1977: Lirekassa 1979: French only 1980: Ramp 1981: Mølje og sodd 1982: Dains me mæ 1984: Levva livet 1984: Lys og varme (samleplate) 1985: Ljus och värme (svensk versjon) 1986: Eldorado 1989: Solregn 1990: Sanger 1991: Laika 1993: Din dag 1995: Med hud og hår 1997: Fredløs – Dylan på norsk 1999: Flyg avsted 2000: Gamle ørn 2000: Mit danske eventyr 2001: Åge Original (dobbel samleplate) 2002: Linedans 2005: To skritt fram 2005: 4 skritt tilbake (liveplate frå 2004-turneen) 2005: Gull 2006: Snöharpan (med tekstar av den svenske lyrikaren Dan Andersson) 2008: Katalysator

Utmerkingar

Spellemannprisen 1980 i klassen rock for Ramp. Heidersprisen under Spellemannprisen 1981. Gammleng-prisen 1983 i klassen pop. Årets spellemann under Spellemannprisen 1984. Utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2006. Heidersprisen av juryen under Spellemannprisen 2006. Gammleng-prisen sin veteranpris i 2008.

Kjelder Artikkelen Åge Aleksandersen på Wikipedia på bokmål og riksmål. Knut Olav Åmås [red.]: «Aleksandersen, Åge» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Fotnotar

Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske gitaristar Kategori:Norske plateprodusentar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Romanifolk Kategori:Folk frå Namsos