Periferieininga Evrytanía (gresk Περιφερειακή ενότητα Ευρυτανίας, Periferiakí enótita Evrytanías) er ei periferieining i Hellas. Ho er ein del av periferien Sentral-Hellas og hovudstaden i periferieininga er Karpenísi. Periferieininga vart oppretta som eit prefektur i 1947 ut av Etoloakarnanía. Ho består nesten berre av fjell, inkludert Tymfristós og Panetolikó i sør. Av elvar finn ein mellom anna Akhelóos i vest og Agrafiótis og Mégdovas i aust, som renn ut i Det joniske havet. Periferieininga er eit av dei minst folkesette i Hellas og ei av få periferieiningar som berre nyttar eitt retningsnummer. Evrytanía grensar til Etoloakarnanía i vest, sørvest og i sør (vest for Akhelóos), Kardítsa i nord og Fthiótida i aust. Evrytanía har eit stort skisenter nær Karpenísi i Tymfristósfjella.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Evrytanía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i to kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Evrytanía Ágrafa Ágrafa 360 73 Aperandía 360 72 Aspropótamos 360 70 Frangísta 360 71 Víniani 360 71 Karpenísi Karpenísi 361 00 Domnísta 360 76 Fourná 360 80 Ktiménia 360 80 Potamiá 360 75 Prousós 360 74
Klima Evrytanía har ei blanding av middelhavsklima og fjellklima i dei vestlege områda og mykje av området får snø om vinteren. Sommarmånadane er derimot varme.
Historie Evrytanía har sitt opphav i antikken. Det vart ein del av Romarriket og seinare ein del av Austromarriket. I ein periode på 1200-talet vart det styrt av frankarane før Det osmanske riket erobra område på 1300-talet. I motsetnad til det meste av Hellas på denne tida var området rundt Ágrafa nesten heilt sjølvstyrt. Etter 400 år under osmansk styre vart Evrytanía igjen ein del av Hellas etter den greske sjølvstendekrigen. Økonomien betra seg med jordbruk, men landsbyane var framleis fattige. Området vart råka av den andre verdskrigen og seinare av den greske borgarkrigen. Mot slutten av 1940-talet vart det fred i området og økonomien blømde, sjølv om innbyggjartalet i landsbyane minka. Området fekk elektrisitet, radiokommunikasjon, motortransport og betre vegar i 1950-åra.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Karpenísi Karpenísi 7 183 6 655 Dytikí Frangísta Ágrafa 355 313 Fourná Karpenísi 298 304 Raptópoulo Ágrafa 327 279 Granítsa Ágrafa 371 262
Referansar
Kjelde
Evrytania
Evrytania Evrytania