Periferieininga Préveza (gresk Περιφερειακή ενότητα Πρεβέζας, Periferiakí enótita Prévezas) er ei periferieining i Hellas i periferien Ípiros. Hovudstaden i periferieininga er Préveza.
Periferieininga grensar til Árta i aust, Thesprotía i nordvest og Ioánnina i nordaust.
Préveza vart oppretta som eit prefektur i 1913 då resten av Ípiros vart ein del av Hellas under den første balkankrigen. Prefekturet omfatta òg Levkáda, men i 1955 vart øya skild ut som eit eige prefektur i periferien Dei joniske øyane.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Préveza eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Préveza Préveza Préveza 481 00 26820 Loúros 480 61 Zálongo 481 00 Zirós Anójo 482 00 Filippiáda 482 00 26830 Kranéa 483 00 Thesprotikó 483 00 Párga Párga 480 60 Fanári 480 62 26840
Geografi Periferieininga består av dalar og åsar i nord og ruinane av Nikópolis og Kassópi. Fjellet Xerovoúni ligg heilt i nordaust. I sør ligg Ártabukta og i vest Det joniske havet.
Klima Periferieininga har hovudsakleg middelhavsklima og normaltemperaturane varierer frå 28-30 °C til 35 °C. I høgareliggande strøk kan ein derimot få nokså kalde vintrar.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Préveza Préveza 19 042 19 309 Filippiáda Zirós 4 619 5 207 Kanalláki Párga 2 513 2 542 Párga Párga 2 088 2 216 Loúros Préveza 1 938 1 769 Thesprotikó Zirós 1 363 1 257 Néos Oropós Préveza 1 304 1 127 Mýtikas Préveza 1 142 1 052 Kanáli Préveza 907 995 Psatháki Préveza 930 910
Referansar
Kjelde
Preveza
Preveza Preveza