Khaidári (gresk Χαϊδάρι, i antikken/katharevousa Χαϊδάριον, Khaidarion eller Haidarion) er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Khaidári 47 051 innbyggjarar. Bydelen med same namn hadde 45 987 innbyggjarar, medan 1 064 budde i bydelen Skaramagás.
Fjellet Egáleo ligg i nord. Dei austlege områda av Khaidári bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1950- og 1980-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen i den austlege halvdelen.
Referansar
Kjelde
Khaidari Khaidari Khaidari