Pallíni (gresk Παλλήνη) er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Aten i Hellas. Pallíni er administrasjonssete i periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí og ligg ved foten av fjellet Pendéli. Byen ligg om lag 18 km frå sentrum av Aten. Pallíni var lenge ein nokså landleg stad der jordbruk dominerte, men dei siste åra har byggjeaktiviteten og urbaniseringa vore stor, ein prosess som framleis held fram.

Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Pallíni, no kommunaleininga Pallíni Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Pallíni Anthoúsa Jérakas Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 59 459 innbyggjarar, medan kommunaleininga Pallíni hadde 23 445 og tettstaden med same namn 17 371 innbyggjarar.

Byar og tettstader Byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Jérakas Jérakas 29 939 33 856 Pallíni Pallíni 16 415 17 371 Leondári Pallíni 5 929 6 074 Anthoúsa Anthoúsa 2 134 2 158

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside

Pallini Pallini Pallini Pallini Pallini