Amaliáda (gresk Αμαλιάδα), eldre form Amalias, er ein by og ein tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Frå 2011 er han ei kommunaleining i kommunen Ílida i periferieininga Ilía i periferien Vest-Hellas og hovudsete i kommunen. Byen ligg like sør for elva Piniós, 80 km frå Pátra, 20 km frå Pýrgos og 291 km frå Aten. Byen er den nest største i Ilía og den vestlegaste byen på Peloponnes.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Amaliáda 26 315 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 16 841 innbyggjarar.
Amaliáda er kalla opp etter Dronning Amalia og vart grunnlagd då to mindre kommunar, Kalítsa og Dervís Tselépi, vart slått saman i 1830.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Amaliada» frå , den 21. september 2007.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)
Amaliada Amaliada Amaliada