Esztergom er ein by med fylkesrettar og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Komárom-Esztergom i regionen Sentral-Transdanubia i Ungarn.

Esztergom ligg nord i Ungarn ved elva Donau og har om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg 50 km nordvest for Budapest ved grensa til Slovakia.

Esztergom var hovudstad i Ungarn frå 972 til 1249 og var residensby for kongen fram til kong Béla IV flytta hovudstaden til Visegrád og seinare til Buda.

Esztergom er framleis sete for prímás av Den romersk-katolske kyrkja i Ungarn. I byen ligg Keresztény Múzeum, den største kyrkjesamlinga i landet. Domkyrkja Esztergom basilika er den største kyrkja i Ungarn.

Ein av dei nyaste attraksjonane i Esztergom er Mária Valéria-brua, som knyter Esztergom til byen Štúrovo i Slovakia. Opphavleg vart han bygd i 1895, men då tyskarane trekte seg ut av byen i 1944, øydela dei ho. Den nye brua stod ferdig i 2001 med støtte frå EU.

Folketal Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2022 Esztergom 29 452 28 926 28 612

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Esztergom» frå , den 29. september 2007.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar med fylkesrettar i Ungarn Kategori:Byar i Komárom-Esztergom fylke Kategori:Busetnader i Esztergom distrikt Kategori:Tidlegare hovudstader Kategori:Byar ved Donau