Öskjuvatn er ein innsjø på Island. Han ligg på Det islandske høglandet og har eit areal på om lag 11 km². Med eit djup på 220 meter er han den djupaste innsjøen på Island.
Innsjøen ligg i krateret til vulkanen Askja nordaust for isbreen Vatnajökull. Namnet tyder rett og slett «vatnet ved Askja». Som nabokrateret Víti, vart det danna av eit enormt vulkanutbrot i 1875.
På byrjinga av 1900-talet forsvann to tyske forskarar, Walter von Knebel og Max Rudloff, medan dei utforska innsjøen i ein liten båt. Det vart sett i gang ein leiteaksjon, men dei vart ikkje funne.
Sjå òg Innsjøar på Island
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Öskjuvatn» frå , den 2. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff Bilete av Askja og innsjøen
Kategori:Innsjøar på Island Kategori:Kratersjøar