Myntkabinettet (eller Universitetets Myntkabinett) er ei myntsamling som er del av Kulturhistorisk museum og blir vist fram ved Historisk museum i Oslo.

Historie Myntkabinettet blei grunnlagd i 1817 gjennom innkjøpet av ei samling på over 6 000 antikke myntar, etter initiativ frå universitetsbibliotekaren Georg Sverdrup. Under andre styraren av samlinga, C.A. Holmboe, auka omfanget til over 43 000 gjenstandar.

Oldsaksamlingen og Myntkabinettet heldt opphavleg til i ulike universitetetsbygningar i Oslo, men flytta inn i Urbygningen då universitetetsbygga stod ferdige i 1852. I 1904 flytta dei vidare til nybygget til Historisk museum.

Frå 1999 blei Myntkabinettet ein del av Universitetets kulturhistoriske museer, som i 2004 endra namn til Kulturhistorisk museum.

Samling Museet inneheld i dag over ein kvart million objekt frå heile verda; til dømes Ordens- og medaljesamlingane til Fridtjof Nansen og Roald Amundsen Frederik Schjöth si samling av kinesiske myntar 20 000 greske og romerske myntar 5 000 europeiske vikingtidsmyntar drygt 20 000 norske vikingtid- og mellomaldermyntar frå skattefunn og funn under norske kyrkjegolv. samlingar av norsk og europeisk mynt frå nyare tid pengesetlar, medaljar og ordenar frå heile verda

Bakgrunnsstoff khm.uio.no om museet apollon.uio.no Historisk museums historie

Kategori:Museum i Oslo Kategori:Universitetet i Oslo Kategori:Myntar Kategori:Skipingar i 1817 Kategori:1817 i Noreg