mini|Ein vulkansprekk og ein lavakanal. Ein vulkansprekk er ein vulkanventil som det kjem lava ut av, vanlegvis utan eksplosiv aktivitet. Sprekken er vanlegvis nokre meter brei, men kan vere mange kilometer lang. Vulkansprekker kan skape store flaumbasaltar og lavakanalar. Denne typen vulkanar er vanlegvis vanskeleg å sjå frå bakken og frå rommet fordi dei ikkje har ein sentral kaldera og overflata nesten er flat. Vulkanen er vanlegvis ei sprekk på bakken eller havbotn. Smale sprekker kan fyllast med lava som størknar. Når erosjon fjernar dei omliggande jordmassane kan lavamassen stå igjen på overflata som ein mur. Sprekker finn ein vanlegvis lange rifter og riftsoner, som på Island og Riftdalen i Afrika.

På Island er vulkanventilar ofte lange sprekker parallell til riftsona der litosfæriske plater går frå kvarandre. Fornya utbrot oppstår vanlegvis frå nye parallelle sprekker eit par hundre til tusen meter frå dei tidlegare sprekkene. Denne fordelinga av ventilar og langvarige utbrot med flytande basaltisk lava byggjer vanlegvis opp tjukke lavaplatå i staden for ein enkel vulkansk haug. Sprekksystemet Lakagígar på Island produserte det største utbrotet på jorda i historisk tid og dannar ein flaumbasalt under Eldgjá-utbrotet i år 934. Her vart det spydd ut 19,6 km³ med lava.

Dei radielle vulkansprekkene til Hawaiivulkanane produserer «gardiner av brann» når lavafontener bryt ut i delar av ein sprekk. Desse ventilane produserae låge vollar av basalten som sprutar ut på begge sider av sprekken. Meir isolerte lavafontener langs sprekkene produserer rekker av små vollar og sinderkjegler. Fragmenta som dannar slike vollar er varme og plastiske nok til at dei vert sveist saman, medan fragmenta i sinderkjeglene er så pass kalde at dei ikkje smeltar saman.

Liste over vulkansprekker

NamnHøgdPlasseringSiste utbrot meterKoordinatar Laki 1 725 1783 Lanzarote 670 1824 Cordon Caulle 1 798 1960 São Jorge 1 053 1907 Vatnafjöll 1 235 1200 år sidan Quetena 5 730 Ukjend Nejapa Miraflores 360 Ukjend Manda-Inakir 600+ 1928 Hertali 900? Ukjend Gran Canaria 1 950 Mindre enn 1000 år sidan Fuerteventura 529 Ukjend Estelí 899 Ukjend Butajiri Silti-sletta 2281 Ukjend Bishoftu 1850+ Ukjend Alu 429 Ukjend Singu-platået 507 Ukjend Ray Mountain 2 050 Kvartær

Bakgrunnsstoff Detaljert liste og KML-filer av vulkansprekker Volcanolive.com

Sjå òg Stratovulkan Kaldera

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fissure vent» frå , den 10. oktober 2007.

Kategori:Vulkanologi Kategori:Vulkanar Kategori:Vulkanske landformer