Reidar Andreas Hirsti () var ein norsk redaktør, historikar, forfattar og politikar for Arbeidarpartiet.

Reidar Hirsti var fødd i Tana kommune i Finnmark. Han var sjefredaktør i Arbeiderbladet frå 1963 til han i 1974 vart avsett av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Frå 1974 til 1975 var han statssekretær i Industridepartementet. Frå 1975 var han tilsett i NRK, blant anna som programdirektør. Han var medforfattar og hovudansvarleg for den historiske tv-serien Veier i vår tid som gjekk på NRK i 1991.

Han har gjeve ut fleire bøker med historiske tema, særleg knytt opp til Arbeidarrørsla, blant anna om Johan Nygaardsvold og Yngve Hågensen, men òg om Finnmark og samane. I boka Partipisken (1991) skriv han om korleis han vart pressa ut frå stillinga som redaktør i Arbeiderbladet.

I 2000 vart Hirsti tildelt Fritt Ords honnør for sin innsats for sjølvstenda til avisene.

Bibliografi 1996: Den siste proletar 1994: Sameopprøret 1991: Partipisken : kampen om det frie ord i Arbeiderbladet 1990: Partisanen 1989: Gro - midt i livet : ein essaysamling / redigert av Reidar Hirsti 1988: Medierevolusjonen og det frie ord 1987: Grenseløse mennesker (saman med Kaare Espolin Johnson) 1983: Tirpitz 1982: Gubben : Johan Nygaardsvold : mannen og epoken 1981: Torolf Elster : portrett av et mangesidig menneske (saman med Birgit Gjernes og Jahn Otto Johansen) 1980: Norsk politikk foran 1980-årene (saman med Jens A. Christophersen) 1980: Samisk fortid, nåtid og framtid 1979: Finnmark / under redaksjon av Reidar Hirsti 1975: Norge mot år 2000 1974: Suenjel-folket - ved veis ende 1973: Et møte med Kina 1970: Ungdom og samtid : tre generasjonsportretter (saman med Einar Førde og John Sannes) 1968: Samekulturens verdier (artikkel) 1967: En samisk utfordring 1961: For demokrati og kultur : kultur- og opplysningsarbeidet i svensk arbeiderbevegelse 1958: Aktiv ungdom : politisk handbok for ungdom 1954: Arbeidsprogrammet for arbeidernes ungdomsfylking : studierettleiing til utkastet til arbeidsprogram for Arbeidernes ungdomsfylking 1952: Fra næringsfrihet til planøkonomi

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske historikarar Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:Leiarar i AUF Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Bratteli II Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:NRK-tilsette Kategori:Folk frå Tana Kategori:Redaktørar for Dagsavisen eller forløparar