mini|Plasseringa til Dingle Bay Dingle Bay er ei bukt vest på Irland i County Kerry. Bukta er om lag 40 km lang frå nordaust til sørvest og peikar ut mot Atlanterhavet. Ho er om lag 3 km brei i botn og 20 km brei ved inngangen. Nord for bukta ligg Dinglehalvøya og i sør ligg halvøya Iveragh. Elva Maine munnar ut i botn av bukta.

Det er ingen større øyar i bukta, men i botn ligg fleire halvøyar, særleg Inch Strand, som tar opp ein god del av dei indre områda.

Hamnebyen Dingle ligg på nordsida av bukta.

Sjå òg Bukter på Dei britiske øyane

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dingle Bay» frå , den 11. oktober 2007.

Kategori:Bukter på Irland Kategori:Kerry