mini|Avgrensing av Escudo guayanés. Guayanaskjoldet (spansk el Escudo Guayanés) er eit to milliardar år gammalt prekambrisk grunnfjellsskjold, eit av dei eldste på jorda. Det ligg i nordaustre Sør-Amerika som strekkjer seg frå Colombia i vest til nordre Brasil i aust og dannar ein del av den nordlege kysten av Sør-Amerika.Hammond, David S. (ed.) (2005) Tropical Forests of the Guiana Shield CABI Publishing, Wallingford, UK, ISBN

Høglandet i Guyanas dekkjer det meste av Guyana, Surinam og Fransk Guyana og delar av Colombia, Venezuela og Brasil.

mini|venstre|Cañon del Diablo i Venezuela.

På skjoldet finst platåfjell (tepuis). Det høgste er Roraima, 2 810 moh. Dessutan finst fjellet Pico da Neblina heilt i utkanten på 2 994 moh. Her finst fleire spektakulære fossar som Angelfossen (980 meter), Kukenanfossen (600 m) og Keiateurfossen (250 m).

Høglandet er dekt av dei største urørte regnskogsområda i verda og vert skydd av fleire store nasjonalparkar. Guayanaskjoldet har svært høg biodiversitet og mange endemiske arta. Det finst over 3000 virveldyrarta: 1168 ferskvassfisk, 269 amfibiar (54 % endemiske), 295 reptil (29 %), 1004 fuglar (7,7 %) og 282 pattedyr (11 %). Virvellause dyr er dårleg dokumenterte, men det finst fleire endemiske sommarfuglar og gjødselbiller. Dt er registrert 13 367 artar av karplantar, rundt 40 % er rekna som endemiske.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guyanas högland» frå , den 12. oktober 2007. Denne artikkelen bygger på «Guiana Shield» frå , den 23. november 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Område i Sør-Amerika