Tearaght eller An Tiaracht (på engelsk The Tearaght, Inishtearaght eller Tearaght Island) er ei øy med bratte sider vest for Dinglehalvøya i County Kerry i Republikken Irland. Ho er den vestlegaste av Blasketøyane og det vestlegaste punktet i Irland. Ho ligg i Atlanterhavet 12,5 km vest for Dinglehalvøya på 10.70ºW.

An Tiaracht er om lag ein kilometer frå aust til vest og 500 meter brei frå nord til sør. Øya er delt inn i to delar, ein større austleg del med ei høgd på 200 meter, og ein vestleg del med ei høgd på 116 meter over havet. Ei smal landtunge med ein naturleg tunnel gjennom går mellom dei to delane.

Som dei andre Blasketøyane har An Tiaracht mykje sjøfugl med internasjonalt viktig koloniar av havlire og havsvale. Stormsvale er òg funne her dei siste åra, men det er ikkje vist at dei hekkar her. Talet på alkefuglar, særleg lundefugl, har variert mykje gjennom åra.

Eit fyr vart bygd på øya i 1870 og automatisert i 1988. Lyshøgda på fyret ligg 84 meter over havoverflata.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tearaght» frå , den 15. oktober 2007.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Bilete av fyret

Kategori:Kerry Kategori:Irske øyar Kategori:Fyr i Republikken Irland Kategori:Vestlegaste punkt Kategori:Geografiske ytterpunkt i Republikken Irland