Unni-Lise Jonsmoen () var ein norsk målar, teiknar, barnebokforfatter og illustratør frå Alvdal.
Liv og virke Jonsmoen fekk utdanning frå Statens håndverk- og kunstindustriskole 1953–1957. Ho hadde ei rekkje utstillingar og utsmykningsoppdrag, særleg i Østerdalen. Ho illustrerte fleire bøker, både til egen tekst, til tekster av mannen sin, Ola Jonsmoen, og til andre forfattarar. Ho tok imot ei rekkje stipend og gjorde studereiser til så ulike land som Mexico, Kina, Japan, Russland, fleire afrikanske statar, Island og Peru.
I 1966 mottok ho Kultur- og kyrkjedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for illustrasjonane til Halvor Floden si barnebok Tommeliten på ikornrygg.
Både i hennar eigne verka og i dei til ektemannen Ola Jonsmoen finst det ei ektefølt glede og stoltheit over det gode livet i Bygde-Noreg, meir spesielt i Nord-Østerdalen. Ein kan finne biografiske og sjølvbiografiske element i fleire av biletbøkene hennar, som i Lars og Ola på tytingtur. I Maren Ingeborg og Pus på Rørosmartnan er ei nabojente modellen.
Prisar Kultur- og kyrkjedepartementets illustrasjonspris for barne- og ungdomslitteratur i 1966 Hedmark fylkeskommunes kulturpris i 1989, saman med Ola Jonsmoen Einar Steimoeggens Minnediplom i 1992, saman med Ola Jonsmoen
Verkliste Svarttrosten som forsov seg, 1979 Lars og Ola på tytingtur, 1980 Kjenner du fru Frodig?, 1982 Grynt, eit søppelkassedyr, 1985 Slukhalsen Påkar, 1986 Zheng Mei og dralen, 1987 Maren Ingeborg og Pus på Rørosmartnan, 1990 Krigsbarn på Ekeberg, 1995 Snusen på ville veier, 1998 To i lufta og ein på bakken, 2004 Martins hemmelige hemmelighet, 2006
Bakgrunnsstoff Unni-Lise Jonsmoens CV Norsk bokfortegnelse: Jonsmoens illustrerte bøker
Kategori: Norske forfattarar Kategori:Norske målarar Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Folk frå Alvdal