Ane Hansdatter Kismul () i Mosjøen) er ein norsk politikar i Senterpartiet. Ho var leiar av miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom frå 2003 til 2005. Kismul var med i NU frå ho som femtenåring då ho var med på å setja i gang eit lokallag i Mosjøen, til ho nådde den øvre aldersgrensa for medlemskap på tjuefem.

Saman med andre miljøvernarar blei Kismul arrestert i november 2004 då dei demonstrerte mot boreriggen «Eirik Raude».

Frå 28. september 2012 til regjeringsskiftet etter stortingsvalet 2013 var Kismul statssekretær i Olje- og energidepartementet i Regjeringa Stoltenberg II. Ho kom frå ei stilling som politisk rådgjevar i Landbruksdepartementet.

Kjelder

Om arrestasjon av Kismul og andre i Stavanger Aftenblad

Bakgrunnsstoff Nettintervju i VG då Kismul blei vald som NU-leiar

Kategori:Norske miljøvernarar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Politiske rådgjevarar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Politiske rådgjevarar frå Sp Kategori:Statssekretærar frå Sp Kategori:Folk frå Vefsn