County Roscommon (irsk Contae Ros Comáin eller berre Ros Comáin) er eit grevskap i Republikken Irland sentralt på Irland i provinsen Connacht. Det er det einaste grevskapet i Connacht som ikkje har kystlinje.

Roscommon er òg namnet på administrasjonsbyen. Athlone, ved Shannonelva, ligg delvis i Roscommon og delvis i County Westmeath (i naboprovinsen Leinster), og vert rekna som den mest sentraltliggande byen på Irland. Tulsk er den næraste landsbyen til den mytologiske staden Rath Cruachán, heimstad til dronning Medb (Maebh, Maeve) og Morrigan, som var utgangspunktet for den episke soga i irsk litteratur, Táin Bó Cúailgne.

County Roscommon grensar til Sligo og Leitrim i nord, Mayo og Galway i vest, Offaly i sør og Westmeath og Longford i aust.

Byar og landsbyar Arigna, Athleague Ballaghaderreen, Ballinlough, Ballintober, Ballyfarnan, Ballyforan, Boyle Castlerea, Castleplunket, Cloonfad Elphin Frenchpark Keadue, Knockvicar, Knockcroghery Lecarrow Newtown Old Town Roosky, Roscommon Strokestown Tarmonbarry, Tulsk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «County Roscommon» frå , den 25. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grevskap i Republikken Irland