Sture er eit mannsnamn som opphavleg var eit svensk tilnamn Sture som tyder vere trist. Namnet har vore sjeldan fram til våre dagar, men vart mindre sjeldant opp gjennom 1900-talet.

Sture har i Noreg namnedag 27. oktober.

Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga i 1801 var ingen manntalsførte med dette namnet.

I teljinga frå 1900 var det 5 som het Sture.

I 2007 er det om lag 430 som har Sture til første fornamn.

Kjende namneberarar

Sture Arntzen (f. 1948), norsk fagforeiningsmann Sture Pedersen (f. 1956), ordførar i Bø i Vesterålen Sture Sivertsen (f. 1966), norsk langrennar Sture Fladmark (f. 1967), norsk fotballtrenar Sture Dingsøyr, vokalist i Vreid

Sjå òg

Folketeljingar i Digitalarkivet

Andre kjelder Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN82-521-3604-4

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av svensk opphav