Ingebrigt Davik () var ein norsk forfattar, kringkastingsmann og barneunderhaldar. Han er mest kjend for historiene frå «Taremareby», ein serie med forteljingar og viser han debuterte med i NRK radios Barnetimen for dei minste i 1959.
Bakgrunn og arbeid Ingebrigt Davik var frå øya Fjørtofta i Haram kommune på Sunnmøre. Han utdanna seg som lærar på Hamar. Han gjekk på Teaterskulen og Musikkonservatoriet i Oslo. Han byrja i radio i 1959 med forteljingane frå Taremareby, eit eventyrleg undervannssamfunn av skalldyr, fisk og vekster. Oppfølgjaren om Rokke-Gina kom i 1962. Seinare laga han barnetimar om det underlege i Lissomskogen og om måkefamilien i Kekkek og Kjia på Kjaholmen. Mykje av stoffet, spesielt om Taremareby og Rokke-Gina, blei også brukt i barneprogram på fjernsynet.
Ingebrigt Davik utga fleire barnebøker, både med historiene frå opplesningsseriene og visesamlingar med eigne og andre sine viser. Han omsette også fleire radiodramatiseringar av barnebøker til nynorsk.
Kulturhuset i Haram kommune, som ligg i Brattvåg, fekk namnet Ingebrigt Davik-huset da det blei opna 25. mars 2006.
Ingebrigt Davik arbeidde og som lærar, først og fremst på Tonsenhagen skole i Oslo.
Bøker 1960: Det hende i Taremareby. Forteljing og viser frå barnetimen - illustrert av Unni Lise Jonsmoen, utgitt på Noregs Boklag, gjenutgitt i 1979 med illustrasjonar av Anna Tystad Aronsen, utgitt på dansk som Det skete i Tange-Lange-land i 1967 1962: Rokke-Gina. Forteljing og viser frå barnetimen og fjernsynet - illustrert av Tove Bertet, Noregs Boklag 1964: Vind i mitt segl. Viser frå radio og fjernsyn - illustrert av Unni-Lise Jonsmoen, Det Norske Samlaget 1967: Muffe og jula - llustrert av Ulf Aas, Samlaget 1971: Wangthai-barna - illustrert av Tonje Strøm Aas 1981: Sommaren med dyra på Brattåsen - utgåver både på nynorsk og bokmål 1983: Syng og leik i solskin og sølevêr 1985: Dagbok utan slutt. Eit lite skodespel til ettertanke - skodespel om mobbing, både på nynorsk og bokmål 1988: Den lange reisa til Betlehem
Plateinnspelingar 1960: Det hende i Taremareby - utgitt på plateselskapet Philips 1962: Ingebrigt Davik forteller og synger om Kekk-Kekk og Kjia på Kjaholmen/Rokke-Gina og andre viser - Norsk Grammofonkompani 1963: Rokke-Gina - Norsk Grammofonkompani 1965: I Lissomskogen - Philips 1971: Det hendte i Taremare by/I Lissomskogen- Fontana 1972: Kom skal vi synge - med Åse Thoresen, Karusell (plateselskap) 1974: Kjære, kom og dans med meg - med Åse Thoresen, Karusell 1980: I solskinn og sølevær - Philips 1998: Hit eit steg - samleplate, Milligram (plateselskap)
Bakgrunnsstoff
Biografi i Norsk pop- og rockleksikon fra 2005 NRK om Ingebrigt Davik
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Haram