Viveronesjøen (piemontisk Lagh ëd Vivron) er ein innsjø nord i Italia. Han er kalla opp etter byen Viverone og ligg 230 meter over havet mellom distrikta Biella, Vercelli og Ivrea i eit område med moreneåsar kalla Serra. Han har eit areal på nesten 6 km² og er 70 meter på det djupaste og ein omkrins på om lag 10,5 km. Innsjøen er 3,5 km lang og 2,6 km brei. Langs den sørlege og vestlege delen av innsjøen er det tett vegetasjon, medan den nordlege delen er utbygd med hotell, campingplassar og strender.
Av fuglar finn ein ender, stokkand, sothøne, lappdykkar og måse. Sportfiske er ein populær aktivitet og ein kan fange fisk som åbor, suter, gjedde og malle.
I bronsealderen låg det ein pålelandsby ved innsjøen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lago di Viverone» frå , den 9. november 2007.
Bakgrunnsstoff
Artikkel om innsjøen
Kategori:Innsjøar i Italia Kategori:Piemonte