Dolomittane (italiensk Dolomiti; tysk Dolomiten; friulisk Dolomitis) er ei fjellkjede i Italia og Alpane. Størstedelen ligg i Belluno, medan resten ligg i Bolzano og Trento og strekkjer seg frå elva Adige i vest til Piavedalen (Pieve di Cadore) i aust. I nord grensar Dolomittane til Pustertal (Val Pusteria) og i sør til Suganadalen (Val Sugana).
Området vert ofte delt inn i Dei vestlege Dolomittane og Dei austlege Dolomittane og grensa mellom dei to går langs linja Val Badia - Campolongopasset - Cordevoledalen (Agordino). Fjellkjeda har meir enn førti isbrear.
Området er ein stor turistdestinasjon som er kjend for skisport, fjellklatring og i nokre tilfelle basehopping. Dei største turistsentera er Rocca Pietore ved dronninga av Dolomittane, Marmolada, i Veneto, Alleghe, Falcade, Auronzo, Cortina d'Ampezzo, Arabba, Ortisei og San Martino di Castrozza.
Under den første verdskrigen gjekk linja mellom dei italienske og austerriksk-ungarske styrkane gjennom Dolomittane. Det finst krigsmuseum i fri luft ved 5 Torri og Lagazuoi. Mange vitjar Dolomittane for å gå Via ferrata. Dette er verna stiar som vart danna under den første verdskrigen. Fleire stiar kalla «Alte vie» går i Dolomittane. Desse lang stiane, med nummer 1 til 8, krev minst ei veke for å gjennomførast og mange hytter, «Rifugi», ligg langs hytte. Den første og kanskje mest kjende er Alta Via 1.
Namnet «Dolomittane» kjem frå den kjende franske mineralogen Déodat Gratet de Dolomieu som var den første som skildra bergarten, dolomitt, ein type karbonatbergart som har skapt dei karakteristiske formene og fargane til desse fjella.
Store fjelltoppar
NamnHøgdNamnHøgd Marmolada 3 344 Pala di San Martino 2 996 Antelao 3 264 Rosengartenspitze 2 981 Tofana di Mezzo 3 244 Marmarole 2 961 Punta Sorapis 3 229 Cima di Fradusta 2 941 Monte Civetta 3 220 Fermedaturm 2 867 Vernel 3 145 Cima d'Asta 2 848 Monte Cristallo 3 199 Cima di Canali 2 846 Cima di Vezzana 3 191 Croda Grande 2 839 Cimon della Pala 3 186 Vajoletturm / Torri del Vajolet (høgast) 2 821 Saslonch 3 181 Sass Maor 2 816 Pelmo 3 169 Cima di Ball 2 783 Dreischusterspitze 3 162 Cima della Madonna (Sass Maor) 2 751 Boespitze / Piz Boè (Sellafjella) 3 152 Rosetta 2 741 Croda Rossa (Hoher Caisl) 3 148 Croda da Lago 2 716 Piz Popena 3 143 Sentrale Grasleitenspitze 2 705 Elferkofel 3 115 Sciliar 2 562 Grohmannspitze (Langkofel) 3 111 Sasso di Mur 2 554 Zwölferkofel 3 091 Cima delle Dodici 2 338 Sass Rigais (Geislerspitzen) 3 027 Monte Pavione 2 336 Tre Cime di Lavaredo 3 003 Cima di Posta 2 235 Kesselkogel (Rosengarten) 3 001 Monte Pasubio 2 232 Fünffingerspitze 2 997
Viktigaste fjellovergangar
NamnHøgd Passo d' Ombretta (Campitello til Caprile), sti 2738
Langkofeljoch (Grödendalen til Campitello), sti 2683
Tschagerjoch (Karersee til Vajoletskaret), sti 2644
Grasleitenpasset (Vajoletskaret til Grasleitenskaret), sti 2597
Passo di Pravitale (Rosettaplatået til Pravitaleskaret), sti 2580
Passo delle Comelle (til Cencenighe), sti 2579
Passo della Rosetta (San Martino di Castrozza til Rosettaplatået), sti 2573
Vajolet Pass (Tiers til Vajoletskaret), sti 2549
Passo di Canali (Primiero til Agordo), sti 2497
Tierseralpljoch (Campitello til Tiers), sti 2455
Passo di Ball (San Martino di Castrozza til Pravitaleskaret), sti 2450
Forcella di Giralba (Sexten til Auronzo), sti 2436
Col dei Bos (Falzaregoskaret til Travernanzesskaret), sti 2313
Forcella Grande (San Vito til Auronzo), sti 2262
Pordoi (Arabba til Val di Fassa), veg 2250
Passo Sella (Grödendalen til Val di Fassa), veg 2244
Tre Sassi Pass (Cortina til St. Cassian), sti 2199
Mahlknechtjoch (Øvre Duronskaret til Seiseralpane), sti 2168
Grödnerjoch (Grödendalen til Colfuschg), veg 2121
Passo di Falzarego (Caprile til Cortina), veg 2117
Fedajapasset (Val di Fassa til Caprile), rideveg 2046
Valles Pass (Paneveggio til Falcade), veg 2032
Passo Rolle (Predazzo til San Martino di Castrozza og Primiero), veg 1984
Forcella Forada (Caprile til San Vito), rideveg 1975
Passo di San Pellegrino (Moena til Cencenighe), veg 1910
Forcella d'Alleghe (Alleghe til Zoldoskaret), sti 1820
Tre Croci Pass (Cortina til Auronzo), veg 1808
Passo di Costalunga or Karerpaß (Nova Levante til Vigo di Fassa), veg 1753
Monte Croce Pass (Innichen og Sexten til Piavedalen og Belluno), veg 1638
Ampezzo Pass (Toblach til Cortina og Belluno), path 1544
Passo Cereda (Primiero til Agordo), veg 1372
Toblach Pass (Bruneck til Lienz), jernbane 1209
Bilete
mini|centre|700px|Panorama (360°) frå Marmolada, den høgaste toppen i Dolomittane
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dolomites» frå , den 9. november 2007.
Bakgrunnsstoff Kart over turar og Via ferrata i Dolomittane Monte Piana Monte Lagazuoi Lago di Sorapiss Guide til dei mange skistadane i Dolomittane Consorzio Dolomiti
Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Italia