Breithorn er ein stort sett bredekt del av Alpehovudkammen som ligg i Wallis-Alpane på grensa mellom kantonen Valais i Sveits og regionen Aosta i Italia.

Breithorn-kammen har fem markante toppar. Den høgste og lettast tilgjengelege er Vesttoppen (Westgipfel). Vidare mot aust ligg Midttoppen (Mittelgipfel) og dei to Breithorn-tvillingane (Zwillinge). I aust endar Breithorn med Schwarzfluh (Roccia Nera).

Av fjella i Alpane på over 4 000 meter vert Westgipfel rekna som det enklaste fjellet å nå toppen av. Dette kjem av at kabelvogna opp til Klein Matterhorn tar klatrarane opp til eit utgangspunkt på 3 870 m. Standardruta frå sørvestsida går over eit isbreplatå før klatringa til sjølve toppen startar.

Breithorn vart først klatra i 1813 av Henry Maynard, Joseph-Marie Couttet, Jean Gras, Jean-Baptiste og Jean-Jacques Erin.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Breithorn» frå , den 11. november 2007.

Bakgrunnsstoff

Breithorn på Peakware - bilete Breithorn på 4000er.de Virtuell klatring på Breithorns med 360°-panorama Breithorn, turberetningar og fotos Litteratur Helmut Dumler und Willi P. Burkhardt: Viertausender der Alpen. Bergverlag Rother, München 2001, ISBN 3-7633-7427-2.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Sveits