Lars Iver Strand () er ein norsk fotballspelar som spelar for Strømsgodset. Strand er opphavleg frå Lakselv i Finnmark, og kom til Tromsø framfor 2001-sesongen. Han gjekk til Vålerenga i november 2007. Han vart lånt vekk til Tromsø i 2009, og var ei tid utan kontrakt. I 2012 tok han til å spela for Strømsgodset.
Strand er ein offensiv midtbanespelar, og han fekk sitt store gjennombrot i 2004, då han var ein av dei viktigaste spelarane då TIL kjempa om medalje i serien. Han fekk ein plass på A-landslaget i januar 2005, då Noreg spela nokre privatlandskampar i Midtausten.
Fotnotar
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Tromsø-spelarar Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Folk frå Porsanger Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball