mini|Apollo-asteroidane (i grønt). Sola er i midten og så følgjer planetane Merkur, Venus, jorda og Mars. Apolloasteroidane er ei gruppe av nærjordsasteroidar namngjeven etter 1862 Apollo, den første asteroiden i denne gruppa som vart oppdaga. Apolloasteroidane er jord-kryssande asteroidar som har ein store halvakse større enn det jorda har. Nokre av dei kan koma svært nære jorda og utgjer ein potensiell trussel mot planeten. Rekorden for nær passering er knapt 85 000 km (2003). Asteroiden som gruppa er kalla opp etter, 1862 Apollo, vart oppdaga i 1932.

I 2014 kjente ein til 5766 Apollo-asteroidar. Den største av desse er 1866 Sisyphus, som har ein diameter på kring 8,5 km. Tsjeljabinsk-meteoren som eksploderte over Tsjeljabinsk i Russland den 15. februar 2013, var ein Apollo-asteroide.http://www.newscientist.com/article/dn23213-russian-meteor-traced-to-apollo-asteroid-family.html

Velkjente apolloasteroidar inkluderer:

Namn År Oppdagar 2006 Spacewatch 2004 LINEAR 2004 LINEAR 2002 LINEAR 1998 Spacewatch 1997 LINEAR 69230 Hermes 1937 Karl Reinmuth 1999 LINEAR 1998 LINEAR 1997 Spacewatch (29075) 1950 DA 1950 Carl A. Wirtanen 25143 Itokawa 1998 LINEAR 6489 Golevka 1991 Eleanor F. Helin 4769 Castalia 1989 Eleanor F. Helin 4660 Nereus 1982 Eleanor F. Helin 4581 Asclepius 1989 Henry E. Holt, Norman G. Thomas 4486 Mithra 1987 Eric Elst, Vladimir Shkodrov (4197) 1982 TA 1982 Eleanor F. Helin, Eugene Shoemaker 4183 Cuno 1959 Cuno Hoffmeister 4179 Toutatis 1989 Christian Pollas 4015 Wilson-Harrington   1979 Eleanor F. Helin 3200 Phaethon 1983 Simon F. Green, John K. Davies / IRAS 2101 Adonis 1936 Eugène Joseph Delporte 2063 Bacchus 1977 Charles T. Kowal 1866 Sisyphus 1972 Paul Wild 1862 Apollo 1932 Karl Reinmuth 1685 Toro 1948 Carl A. Wirtanen 1620 Geographos 1951 Albert George Wilson, Rudolph Minkowski 1566 Icarus 1949 Walter Baade

Kjelder Apollo-asteroider. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015 frå https://snl.no/Apollo-asteroider.

Bakgrunnsstoff Liste over Apollo-asteroidar