mini|Rana kraftverk Rana kraftverk er eit vasskraftverk ved Mo i Rana i Rana kommune i Nordland fylke.

Kraftveket nyttar fallet frå inntaksmagasinet Storakersvatnet til Ranelva. Storakersvatnet er regulert mellom 523 til 480 moh.

Det vert overført vatn frå magasina Kallvatnet (reguleringshøgde 564-521 moh), Grasvatnet (595-592) og Kjennsvatnan (527-520 moh). I tillegg hentes det vatn frå tre bekkeinntak i fjellet ved Okstindbreen.

Randalsjølva, Andfjellbekken, Daudmannsjølva, Blerekelva, Virvassjølva vert òg overførte til kraftverket gjennom lange tunnelar.

Vatnet i Tverrvatnet vert pumpa opp til Akersvatnet i Tverrvatnet pumpestasjon.

Kraftverket starta produksjonen i 1968 og er utvida ved fleire seinare høve.

Det er installert fire Francisturbinar på totalt 500 MW. Middels årsproduksjon er på 1975 GWh og kraftverket er det største i Nord-Noreg målt i produksjon.

Eigar har fått konsesjon til å byggje kraftverk i tilknyting til overføringstunnelen mellom Grasvatnet og Kjensvatnet.

Eigar er Statkraft. 65 % av produksjonen er utleigd på ein 15 års avtale til det finske selskapet Etalä-Pohjanmaan Voima Oy og Kymppivoima Tuatanto Oy.

Kjelder 1Rana blad Statkraft NVE

Kategori:Kraftverk i Rana Kategori:Statkraft Kategori:Kraftverk skipa i 1968 Kategori:1968 i Noreg