Calore Lucano eller Calore Salernitano er ei elv i provinsen Salerno i Campania sør i Italia med ei lengd på 63 km. Ho er ei av sideelvane til Sele frå venstre. I antikken vart elva kalla Calor.
Calore Lucano har sitt utspring på nordsida av fjellet Monte Cervati i Appenninane og renn gjennom nasjonalparken Parco nazionale del Cilento e Vallo di Diano. I starten renn ho mellom høge klippeveggar, som nær Laurino eller i ravinen Monte Pescorubino mellom Magliano Vetere og Felitto.
Ho munnar ut i Sele ikkje langt frå den antikke byen Paestum.
Calore Lucano er ein av få elvar i Europa der ein framleis finn oter.
Kjelder
Kategori:Campania Kategori:Elvar i Italia