Garigliano er ei elv sentralt i Italia. Ho oppstår der elvane Gari (òg kalla Rapido) og Liri renn saman. Namnet Garigliano er eigentleg ei omforming av «Gari-Lirano». I antikken vart heile elva Liri og Gagliano kalla Liris.
Det meste av lengda på 38 km dannar Garigliano grensa mellom dei italienske regionane Lazio og Campania. I mellomalderen danna elva (då kalla Verde) den sørlege grensa til Kyrkjestaten.
Historie Under den andre verdskrigen var elvane Liri-Gari-Garigliano senteret i eit system av tyske forsvarslinjer (den mest kjende av desse var Gustavlinja) der slaget ved Monte Cassino fann stad i 1943-44.
Kjelde
Kategori:Campania Kategori:Lazio Kategori:Elvar i Italia